Voss Kommunikasjon i arbeid

Radiokommunikasjon

Radiosamband for utfordrande arbeidssituasjonar.

Me leverer tilpassa radiokommunikasjonsløysingar du kan stola på!

Er du avhengig av pålitelege og funksjonelle kommunikasjonsløysingar på jobben?

Me leverer tilpassa radiokommunikasjon og -sambandsløysingar til entreprenørbransjen, hotell, transport, jakt og fritid.

Me hjelper deg med heile prosessen:

  • På bakgrunn av info om dine bruksområde finn me den beste og mest kostnadseffektive løysinga som dekker ditt behov.
  • Som Zodiac-forhandlar fører me radioutstyr og tilbehør frå leiande merker som Hytera, Zodiac, og Telo.
  • Oppsett og drifting av data- og signalnettverk innan dei ulike løysingane, anten det gjeld DRM (digitalradio), PoC eller analoge løysingar, og 4G, fiber og trådlause datanettverk.
Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Erfaring og kompetanse

Entreprenørar, hotell, transport, jakt og fritid – me har levert radioløysingar til ein rekke ulike føremål og bransjar. Me har prøvd dei fleste av dei ulike løysingane som finst innan moderne radiosamband, og me elskar nye utfordringar. Har du ein til oss, så ta kontakt!

Her kan du lesa om sambandsløysinga me leverte til AS Birkeland Entreprenør til tunneloppgraderingar på E39.

Sverre Midland set opp radiosamband i tunnel for Birkas.
Sverre Midlang set opp radiosambandsløysing for tunnelarbeid i regi av AS Birkeland Entreprenør. Les meir om arbeidet her!

Treng du jaktradio?

Ein god jaktradio skal ha god lyd og rekkevidde, og den skal vera robust og tola hardt og vått ver.

Me har lang og omfattande erfaring i val av radioutstyr til jakt: Jaktradioar var faktisk noko av det fyrste Voss Kommunikasjon spesialiserte seg på då me starta opp tidleg på 90-talet!

Teknologien har utvikla seg mykje sidan då, både når det gjeld lydkvalitet, rekkevidde og brukarvenlege løysingar. Ta kontakt eller kom innom butikken, så skal me visa deg!

Oversikt over radioutstyr frå Hytera.
Som Zodiac-forhandlar leverer me mellom anna radiosambandsutstyr frå Hytera.
Photo of Gøran Fimreite, senior IT-konsulent hjå Voss Kommunikasjon

– Eg trur mange vil verta overraska over den krystallklare lyden ein får i radiosamband i dag. Digital radiokommunikasjon (DMR) har tatt over for analogt samband i stor grad, og dette gjev både betre lyd, mindre sjanse for forstyrringar og mogelegheit for å ha fleire grupper på same frekvens.

– Sverre Midlang, Voss Kommunikasjon

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester