Kopimaskiner

Lei av tomme blekkpatroner?

Me leverer kopimaskin og skrivar med "all inclusive" driftsavtale.

Treng du kopimaskin eller skrivar til bedrifta di? Me har høg kompetanse innan feltet, og me leverer alt frå små bordskrivarar til store multifunksjonsmaskiner. Me tilbyr driftsavtale der toner/blekkpatroner, deler og service er inkludert.

Kvifor velje kopimaskin frå Konica Minolta?

Me er leverandør av kopimaskiner og multifunksjonsskrivarar frå Konica Minolta, eitt av verdas leiande selskap innan kopi og IT.

Me har mange fornøgde kundar – Voss Kommunikasjon er hovedleverandør av Konica Minolta til Vestland fylkeskommune, og har kommunale avtalar med Voss Herad og Vik kommune.

Med ein multifunksjonsmaskin frå Konica Minolta får du utskrift, kopiering og skanning i ein og same maskin.

Me leverer ulike modellar basert på behova dine. Hastigheit på utskrift og skanning varierer, og det same gjer etterbehandlaren. Treng du berre stifting,eller vil du produsere brosjyrar ferdig bretta og stifta? Det avgjer kva modell og kva etterbehandlar du treng.

Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Kva er driftsavtale?

Med driftsavtale på kopi- eller multifunksjonsmaskina di treng du ikkje tenke på tomme blekkpatroner, tilkoblingsvanskar og feilmeldingar igjen! Det fiksar me.

Driftsavtalen er «all-inclusive»: All service og support er inkludert i prisen. Om ein del må bytast tar me kostnaden. Det einaste atterhaldet er om maskina vert fysisk skada og kunden har ansvaret. Køyring og arbeidstid er inkludert i prisen.

Kvifor eige, når eg kan leige? Leasingavtale.

Me tilbyr leasing av kopi- og multifunksjonsmaskinar, i samarbeid med De Lage Landen.

IT-utstyr er i stadig utvikling – maskinar vert raskare, og stadig nye funksjonar kjem til. Med leasingavtale er det enklare å få til tilgang til den nyaste teknologien, utan å betale i dyre dommer.

Fordelar med leigeavtale:

  • Alltid oppdatert utstyr og enkel tilgang til den nyaste teknologien.
  • Frigjort kapital. I staden for å ta heile kostnaden for utstyret på ein gong, betalar ein parallelt med at utstyret vert brukt. Kost og nytte, hand i hand.
  • Forutsigbar budsjettering. Ingen forskuttering av moms eller kapitalbinding, leigekostnaden er kjend og enkel å få inn i rekneskapen.
  • Betre nøkkeltal. Samkøyring av kostnader og inntekter – når ein betalar i takt med verdirealisering av utstyret vert kontantstraumen og nøkkeltala fine.
  • Rask handtering. Leigedokument signerast via BankID.

Er kopimaskin og skrivar dårleg for miljøet?

Med klimatruslane hengande over oss er det nok mange som tenker seg om to gonger før dei skriver ut og kopierer på papir. Samstundes er det framleis nødvendig å ha fysisk format som alternativ til digitale løysingar for dei fleste verksemder.

Når ein fyrst skal skrive ut og kopiere, er det godt å gjere det med ei Konica Minolta-maskin! Konica Minolta har forplikta seg til å ta klimahandling på alvor, mellom anna gjennom å redusere plastforbruk, legge til rette for resirkulering og gjennom aktivt medlemskap i 50 Climate Leaders.

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester