Radiosamband i aggressivt arbeidsmiljø

Visste du at Voss Kommunikasjon leverer omfattande radiosambandsløysingar til tunneloppgraderingar på E39? – Haldninga vår er alltid: "Dette løyser me!", seier teknisk ansvarleg Sverre Midlang.

I 2022 fekk AS Birkeland Entreprenørforretning (Birkas) kontrakt på oppgradering av Jernfjell- og Skrikebergtunnelane på E39 i Masfjorden og Gulen kommune.

Tunnelane går no gjennom omfattande oppgraderingar, som medfører bytting av alt teknisk utstyr, ny ventilasjon og belysning og vatn- og frostsikring. Arbeidet vart påbegynt i februar 2022, og det skal stå ferdig våren 2024.

Sambandsløysingane som vert brukt i dette tunnelarbeidet er det Voss Kommunikasjon som står for.

– Me har jobba med Voss Kommunikasjon i oppgradering av Eikefett- og Myremelstunellen tidlegare, og me har vore svært nøgde med det dei har levert. Vår oppleving er at dette er folk som faktisk kan det dei held på med, difor held me fram med å bruka dei, fortel anleggsleiar for oppgraderingsarbeidet, Pål Børslid frå Birkas.

Voss Kommunikasjon har vore gode på forarbeid, respondert raskt med plan og kostnad, og dei har levert gode løysingar med utstyr som toler eit aggressivt arbeidsmiljø prega av gassar, eksos, støv og vatn.

Pål Børslid, Birkeland Entreprenørforretning

Topografiske utfordringar

Oppdraget frå Birkas var omfattande og krevde mykje planlegging og testing frå Voss Kommunikasjon si side.

– I tillegg til at dei som arbeider i same tunnel sjølvsagt skal kunne snakka saman, var det også nødvendig for dei å enkelt kunne kommunisera med formannsbrakka i Instefjord (mellom dei to tunnelane) og med trafikkdirigenten Aarekol. Å få alle systema til å snakka godt i lag krever gjennomtenkte løysingar når det kjem til programmering og plassering av utstyr, fortel prosjektleiar Tom-Erik Jensen.

Som om ikkje det var nok hadde den lengste av tunnelane, Jernfjelltunellen på 2391 meter, topografiske utfordringar i form av særs bratt stigning (8%-10%) og ein sving som gjorde det utfordrande å få radiosignal til å bera langt.

– Radiosignal i tunnel kan oppføra seg på uventa måtar grunna det tronge arealet, og dette vert endå meir utfordrande når du har bratt stigning og kurvatur som i Jernfjelltunellen. I tillegg lyt ein jo ta høgde for at det skal fleire store anleggsmaskiner inn i tunellen, noko som kan forstyrra signalet, forklarar Jensen.

Krystallklar lyd

Når meinigmann høyrer ordet "radiosamband" går tankane gjerne til knitrande walkie talkiar med ullen og utydeleg lyd, men det stemmer visst ikkje lenger.

– Eg trur mange vil verta overraska over den krystallklare lyden ein får i radiosamband i dag. Digital radiokommunikasjon (DMR) har tatt over for analogt samband i stor grad, og dette gjev både betre lyd, mindre sjanse for forstyrringar og mogelegheit for å ha fleire grupper på same frekvens, fortel Sverre Midlang frå Voss Kommunikasjon, som er teknisk ansvarleg for sambandsløysingane i Jernfjell- og Skrikebergtunellen.

Det finst ikkje nokon fasitløysing når det kjem til samband i tunnel, og Midlang forklarar at dei har vore innom fleire variantar av oppsett i arbeidet for Birkas:

– I Skrikebergtunnelen, som er relativt kort, valde me ei 4G-løysing knytt saman med ein VPN-tunnel og repeat'arar. I Jernfjelltunnelen strekte me fiber gjennom heile tunnelen, med ruter, switch'ar og fire basestasjonar – det sikra god dekning gjennom heile tunellen og vel så det. Det gjeld å vera tilpasningsdyktig og sjå an kvar enkelt jobb for å finna dei beste løysingane, seier Midlang.

For å få moderne sambandsløysingar opp å gå treng ein kompetanse innan både data- og signalnettverk, i tillegg til programmering.

– Når det kjem til store oppdrag som dette kan ein jo få litt ærefrykt, men haldninga vår er alltid "dette løyser me"! Me har mykje erfaring og kompetanse, og med godt forarbeid og skikkeleg testing finn me alltid gode løysingar, fortel Sverre Midlang.

Ikkje ni til fire

Tunnelarbeid er ikkje nokon ni til fire-jobb akkurat: Tunnelvedlikehald skjer fortrinnsvis på nattestid, for å ikkje forstyrra trafikken. Dette medfører og at arbeidet gjerne strekk seg over fleire år, noko som set krav til solide og robuste løysingar.

– Voss Kommunikasjon har innstilt seg på våre ugunstige arbeidstider, og det set me pris på! I tillegg vil eg framheva at dei har vore gode på forarbeid, respondert raskt med plan og kostnad, og dei har levert gode løysingar med utstyr som toler eit aggressivt arbeidsmiljø prega av gassar, eksos, støv og vatn, seier Børslid.

Voss Kommunikasjon er også svært fornøgde med samarbeidet:

– Det er fantastisk å jobba med Birkas! Dei er ein skikkeleg profesjonell aktør med fokus på tryggleik og HMS, og dei tek alltid godt imot oss, seier Tom-Erik Jensen.

Radioløysingar til ulike bransjar

Det er ikkje berre i tunnelarbeid ein treng radiosamband, og Voss Kommunikasjon har erfaring med å levera sambandsløysingar til fleire bransjar.

– Ulike entreprenørar, hotellnæringa, fiskeri og jernbane er nokre av dei bransjane me leverer til. Handhalden eller fastmontert, bluetooth eller kabling, og sjølvsagt tilbehør som monofon og øyreplugg, hørselvern og slikt – me kan skaffa det meste, og me kan hjelpa deg med å finna løysinga som er rett for deg og ditt behov, fortel Marianne Sandvik, som jobbar med sal hjå Voss Kommunikasjon.

Ein ting å tenkja på når det kjem til radiosamband er at ein lyt ha kontroll på kva frekvens ein er på, og om ein har løyve til å bruka denne:

– Det kan vera fristande å berre kjøpa seg nokre radioar og byrja å bruka dei utan å ta omsyn til kva frekvens ein brukar. Det vert fort dyrt, for Nkom (Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet) kan gi bøter i sekssifra klasse for slikt. Me er godkjend radioforhandlar og henter inn frekvensløyve for kundane våre, slik at dei slepp å tenkja på dette, fortel Tom-Erik Jensen.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.