Voss Kommunikasjon i arbeid

Telefoni

Treng du betre løysingar for jobbtelefon?

Me leverer mobilt bedriftsnett, mobiltelefonar og tilbehøyr til verksemda di.

Sjølv om stadig meir kundekontakt skjer via nettside, app og e-post er det framleis viktig å ha gode telefonløysingar.

For mange kundar er det naturleg å ringe når dei lurar på noko knytt til produkta eller tenestene du leverer, og då er det om å gjere å møte dei på ein profesjonell og effektiv måte.

Mobilt bedriftsnett

Med mobilt bedriftsnett er det enklare å skape gode kundeopplevingar på telefon, og ein kan forbetre samhandlinga internt i verksemda. Når flyttar du sentralbordet inn på mobilen får du god oversikt over innkommande telefonar, kven som er tilgjengelege for å svare, og du kan ta med deg sentralbordet i lomma, der du er.

Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Fordelar med mobilt bedriftsnett:

  • Eitt hovudnummer til bedrifta, sånn at det er lett for kunden å finne riktig nummer.
  • Det er alltid nokon som svarar. Kunden møter ei velkomsthelsing og tastevalg som styrer samtalen vidare.
  • Automatisk vidarekopling. I opningstiden vert kunden sendt til riktig tilsett via tastevalg.
  • Aldri stengt. Når verksemda er stengt får kunden ei talemelding med opningstidene.
  • Sentralbord i lomma. Dei tilsette kan svare på inkommande telefonar der dei er, og ein unngår tapte anrop.
  • Ikkje tid til å ta telefonen akkurat no? Det er enkelt å redigere tilgjengelegheitsstatus, og med Microsoft-synkronisering kan denne statusen automatisk verte automatisk oppdatert om ein sit i Teams-møte, for eksempel.
  • Enkelt for administrator. Konfigurasjonar og endringar gjer ein enkelt i webgrensesnittet.
Illustrasjonsfoto: Telenor

Kva leverandør av mobilt bedriftsnett bør eg velje?

Voss Kommunikasjon lever mobilt bedriftsnett frå Telenor og Nortel. Kva leverandør som er best kjem an på behova til verksemda di. Ta kontakt med oss, så hjelper me deg vidare!

Telefon og tilbehøyr tilpassa verksemda di

Treng du ny mobil? Me leverer det du treng innan mobil og mobiltilbehøyr, anten det er snakk om Apple, Samsung eller andre merke.

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester