Voss Kommunikasjon i arbeid

Teknologi som teneste

Kvifor eige når du kan leige?

Me tek heilskapleg ansvar for deler av den digitale arbeidsplassen din, så kan du konsentrera deg om andre ting enn data og IT!

Er du lei av dataproblem, nettverk som streikar, utdatert utstyr og store utgifter ved innkjøp maskinar og teknologi?

Med teknologi som teneste tek me oss av innkjøp, installering, vedlikehald og support mot eit månadleg beløp som inkluderer leige og drift av utstyret.

Med teknologi som teneste fiksar me:

  • Innkjøp av utstyr
  • Installering, konfigurering og oppdatering
  • Drift og support
  • Utskiftning og resirkulering av utstyret

Alt dette på éin faktura!

Frank fiksar ei serverløysing hjå Voss Kommunikasjon.

Nettverk som teneste

Me tek på oss drifta av ditt sentrale nettverk, og står for levering og oppsett av brannmur, switch’ar og trådlaust nett. Me tek ansvar for at du til ein kvar tid har den tryggleiken, kapasiteten og hastigheita du treng.

Les meir om nettverk her.

Kopimaskin som teneste

Treng du kopimaskin eller skrivar til bedrifta di? Me leverer alt frå små bordskrivarar til store multifunksjonsmaskiner, og driftsavtale der toner/blekkpatroner, deler og service er inkludert.

Les meir om kopimaskin her.

Arbeidsstasjon som teneste

I mange bransjar brukar ein stadig meir tid foran PC’en. Om ein optimaliserer dataoppsettet sitt for god arbeidsflyt og komfort kan det vere mykje produktivitet å hente. Me tilbyr drift og leige av populære stasjonære og bærbare modellar, i tillegg til skjermar og tilbehør.

Les meir om arbeidsstasjon her.

Møterom som teneste

Me leverer oppdaterte møteromsløysingar med videokonferanseutstyr tilpassa dine behov.

Les meir om møterom her.

Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Nokre fordelar ved teknologi som teneste:

  • Sett vekk alt av data- og utstyrsproblem! Streikar nettverket, eller er dataen kaputt? Då er det vårt ansvar å fiksa problemet eller skaffa nytt utstyr, med minimal nedetid for kunden.
  • Frigjort kapital og forutsigbar budsjettering. I staden for å ta heile kostnaden med utstyret på ein gong, betalar du ein månadleg sum som inkulderer leige og drift. Kost og nytte, hand i hand.
  • Fleksibel og skalerbar løysing. Skal du utvide eller skalere ned verksemda di? Med teknologi som teneste er det enkelt å skaffa nytt utstyr eller kvitte seg med det ein ikkje treng.
  • Lengre levetid på utstyret. Me sørger for gjenbruk av utstyr som funkar – det er godt både for miljøet og lommeboka!
Bilde av ansatte i Voss Kommunikasjon
Gjer dine dataproblem til vårt ansvar med "teknologi som teneste"!
Photo of Gøran Fimreite, senior IT-konsulent hjå Voss Kommunikasjon

Med "teknologi som teneste" har kunden minimalt med nedetid viss noko skulle skje. Anten fiksar me problemet, eller så hentar me nytt utsyr frå lager og set det opp for kunden.

– Roger Hovland, Voss Kommunikasjon

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester