Voss Kommunikasjon i arbeid

Overvaking

Skap ein tryggare
arbeidskvardag

Moderne kameraovervaking er ein billig forsikring mot innbrot, hærverk og ran. Folk oppfører seg betre på film!

Er du uroleg for innbrot, hærverk eller ulukker på arbeidsplassen?

Eit godt overvakingssystem har både preventiv effekt og er godt å ha ved innbrot, ulukker og kriminelle hendingar.

Me hjelper deg med

  • Prosjektering og installering. Saman med kunden kartlegg me behov og kjem med løysingsforslag. Me har mykje erfaring og kompetanse innan alt frå kameraplassering og bildegjenkjenning til HMS-krav og trygg opptakslagring.
  • Tilgangsstyring og datatryggleik. Det er svært viktig å setja opp brannmur, lagring og tilgangskontroll på ein god måte, så ikkje sensitive videoopptak hamnar på avvege.
  • Opptakslagring. Me set opp ei løysing for lagring av opptak. Dette vil som oftast vera ein form for Network Video Recorder (NVR): Ein spesialisert datamaskin for lagring av overvakingsopptak.
  • Vedlikehald og support. Me ordnar opp ved utstyrssvikt eller tekniske problem.
  • Kvalitetsutstyr. Me nyttar kvalitetsutstyr frå merkenamn som Hikvision, Axis eller Bosch når me installerer overvåkning for våre kundar.
Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Moderne overvaking

Teknologien har utvikla seg kraftig dei siste åra, og det er no mange spesialfunksjonar som kan nyttast i videoovervaking:

  • Bildegjenkjenning og rørslesensor. Programvara kan no gjenkjenna menneske, dyr, gjenstander og anna på bakgrunn av maskinlæring.
  • Avansert tilgangsstyring. Ein kan gje tilgang til ulike kamera til ulike personar i verksemda, og ein kan sjå kamera på data, mobil og nettbrett.
  • Autotracking. Gjer det mogeleg å følga objekter i rørsle, som bilar eller menneske.
  • Nattsyn og høg videooppløysing. Me leverer kamera som kan "sjå" i mørkeret og i vanskelege lysforhold.
Nokre overvakingskamera frå Hikvision
Hikvision er ein av utstyrsleverandørane me nyttar til overvaking.

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester