Få ein moderne nettstad som gir resultat – frå idé til ferdig løysing!
Design og webutvikling som speglar di verksemd og gir resultat – med lokal forankring og tett oppfølging.
Me hjelper små og mellomstore verksemder med å bli meir synlege og profesjonelle på nett. Du får moderne design og nettsider som er raske, mobilvenlege og enkle å bruke – alt med lokal oppfølging og god dialog undervegs.
Snakk med oss om prosjektet dittMe utviklar grafiske uttrykk som gir tydeleg retning for verksemda di – frå logo og fargar til trykksaker og digital profil. Alt heng saman og bygger tillit hos kundane dine. Enten du er i startfasen eller ynskjer å fornye det du allereie har, er me klare til å hjelpa.
Du får ei moderne nettside som fungerer på mobil, nettbrett og desktop. Me bruker ulike system som gjer det enkelt for deg å oppdatere innhald om du treng det. Du kan få hjelp av oss til å skrive gode tekstar og publisere profesjonelt innhald med video og foto.
Som ein lokal leverandør med base på Voss og lang erfaring frå ei rekkje ulike bransjar, forstår me både dei praktiske behova og dei strategiske måla som ligg bak ein god nettstad eller visuell profil. Me trur på verdien av nærleik, tillit og gode relasjonar – og tilbyr tenester du kan stole på, levert av folk som kjenner det lokale næringslivet.
Me tenkjer heilskapleg når me utviklar nettstader – og ser det store biletet. Våre nettstader er optimaliserte for marknadsføring frå dag éin. Det gjer det lettare for deg å nå ut til målgruppa di. Me tenkjer strategisk rundt både innhald, struktur og teknisk oppsett – slik at sidene dine ikkje berre blir sett, men også brukt og verdsett.
Ein god nettstad er ikkje berre fin å sjå på; han må også fungera godt for brukarane, vera rask å lasta og vera lett å finna i søkemotorar.
For å få besøkande inn på nettstaden din kan du håpa dei finn fram, eller målretta henta trafikk frå annonsering og kampanjer. Me vidareutviklar dine idear og finn ord og bilete som treff godt. Og hjelper med å spisse annonser og kampanjar slik at potensielle kundar klikkar seg inn.
Me har levert tekniske løysingar til kundar i mange år, og det me får mest skryt for er evna vår til å følgja opp, levera til avtalt tid og byggja tillit over tid. Det gjeld også for våre nye design- og webtenester. Når du samarbeider med oss, får du ein partner som tek ansvar frå første møte til lansering – og gjerne vidare. Me har struktur i prosjekta, tek dialogen på alvor og jobbar alltid for å levera noko som både du og me kan vera stolte av.
Design og webutvikling er kanskje nye tenester hos oss, men kvaliteten og tryggleiken er den same som alltid.
Ta kontakt med oss, så hjelper me deg med å finne rett form og plattform!
Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!