Voss Kommunikasjon feirar 30 år!

Jubileumskonferansen Trygg digital kvardag

Me inviterer lokalt og regionalt næringsliv, samarbeidspartnarar, leverandørar og andre interesserte til jubileumskonferanse på Park Hotel torsdag 15. september.

Sidan Voss Kommunikasjon starta opp i 1992 har data, IT og digitale løysingar prega verda i stadig større grad. I dag er så godt som alle – både privatpersonar og verksemder – "tilkopla" gjennom ulike digitale verktøy. I takt med at me deler meir informasjon om livet og arbeidet vårt over nett og på data, vert oppdatert kunnskap om datatryggleik stadig viktigare.

Med dagskonferansen Trygg digital kvardag ynskjer me å gje deltakarane innsikt og kunnskap både på strategisk og operativt nivå. Datatryggleik er eit stort og tungt tema, men me vil gjere informasjonen lettare tilgjengeleg gjennom å ha fokus på konkrete tiltak som trengs for SMB-verksemder i vårt distrikt. Me håpar å kunne vise verdien av å ha eit selskap som Voss Kommunikasjon i distriktet, som kan hjelpe lokale verksemder med å følge med i tida og få enkel tilgang til ny teknologi når det er nødvendig.

Me har invitert ei rekke av våre samarbeidspartnarar og leverandørar til å halde innlegg, presentasjonar og foredrag. Blant dei som kjem er Apple, HP og Microsoft, og mange andre! Me har fått med oss Arne Hjeltnes som konferansier, og foredragshaldar og filosof Einar Øverenget skal halde foredrag. Fleire detaljar om enkeltinnlegg og gjestar kjem framover, og heile programmet skal vere ferdigstilt i byrjinga av august.

Dei fyrste 100 påmelde får early bird-premie, så her er det berre til å vere raskt ute!

BD jakke.JPG

Bjørn Dæhlie jakke verdi kr. 1499,- 

 

MELD DEG PÅ HER: Påmelding Trygg digital kvardag

Klikk gjerne delta på Facebook hending her

 

Om oss

Voss kommunikasjon er og har som målsetjing å vera ei leiande IT-verksemd på Voss, i Hardanger og i Sogn. Me tilbyr eit bredt spekter av IT-tenester.

Sidan oppstarten i 1992 har selskapet vore eit familieeigd selskap. I 2020 kjøpte fem tilsette selskapet frå dåverande eigar.

Saman med Lokalavisa Hordaland, etablerte Voss Kommunikasjon i 2021 mediebyrået Mediesmio. Det nye selskapet skal hjelpe verksemder i distriktet med nyskapande marknadsføring, strategisk rådgjeving og digital kommunikasjon.

I April 2022 kjøpte Voss Kommunikasjon opp telekom- og IT-selskapet Mobit Voss – ei verksemd med lang fartstid på Voss. Voss Kommunikasjon har i dag totalt 14 tilsette.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×