– Me må vereførebudde på at det verste kan skje, sjølv om me aldri har hatt ulukker her oppe.
Desse orda kjem frå Alex, ein veteran med 16 år i forsvaret og bakgrunn som skarpskyttar. Han er ein av hjernene bak Parallax Combat Training Solutions, eit selskap grunnlagt av Alan Jensen for å tilby høgspesialisert trening i skarpskyting og operasjonar i utfordrande klima til NATO-samarbeidet. Selskapet har to hovudområder: kurs og trening, mellom anna på Mjølfjell og i Bergsdalen. Selskapet produserer òg G.O.A.S.T Target System, deira eigenutvikla målskiver, basert på 50 kombinerte år med militær skarpskyttar-erfaring.
Når vinden uler i 12 sekundmeter og gradestokken kryp ned mot det same talet i minus, duger ikkje hyllevare, og her kjem Voss Kommunikasjon inn i biletet.


«Cold Weather Operations»
Parallax CTS har spesialisert seg på det dei kallar «cold weather operations» – operasjonar knytt til klima der kulda utgjer ein risiko. Hit kjem soldatar frå heile verda, frå USA og Australia til Tyskland og Estland, for å lære seg kunsten å krige – og overleve – om vinteren.
– Fleirtalet av kursame køyrer er vinterretta. Det handlar om snøscooter-mobilitet, vinteroverleving og det å fungere som soldat under slike forhold, forklarar Alex.
Under øvingane køyrer dei snøscooter i krevjande terreng, ofte i stummande mørker med nattoptikk eller i tett snøkave og dårleg vêr. Støyen er enorm, og sikta kan vere tilnærma null. I slike situasjonar er krystallklar kommunikasjon avgjerande for tryggleiken.
– Du kan ha einingar som ligg fleire kilometer frå kvarandre. Me må kunne koordinere tryggleiksvinklar og posisjonar for å synkronisere stridsfeltet. Om ein snøscooter velter, eller nokon blir skadde, må me kunne kalle opp hjelp med ein gong.
Sambandsdekning er kritisk for å kunne koordinere evakuering mellom bedrifta sitt medic- og førstehjelpspersonell, skadestadsleiar og AMK, for dersom vêret er dårleg, kjem ikkje luftambulansen fram. Me øver både på evakueringskjeda og har dette med i risikovurderinga når me gjennomfører slike aktivitetar.

















