Scandic Voss valde lokalt – tryggleik i sentrum med moderne kameraovervaking

Når Scandic Voss skulle styrkja tryggleiken ved hotellet, fall valet på ein lokal leverandør. Med Voss Kommunikasjon på laget har hotellet fått ei moderne og framtidsretta løysing for kameraovervaking som både aukar tryggleiken for gjester og tilsette – og gjev betre oversikt i ein travel kvardag.

Scandic Voss med 770 sengeplassar, ligg sentralt plassert i bygda og er eit knutepunkt for både tilreisande gjester, kursdeltakarar og lokalbefolkning. Med høg aktivitet gjennom heile døgeret, og mange inngangar, fellesareal og tekniske soner, er det avgjerande å ha gode system for oversikt og tryggleik. For leiinga ved hotellet handla det ikkje om overvaking for overvakinga si skuld, men om førebygging, tryggleik og gode arbeidsforhold.

– Me ønskte ei løysing som gav oss betre kontroll og som kunne bidra til å førebygga uønskte hendingar, seier Erik Hommedal, teknisk sjef ved Scandic Voss og kontaktperson i prosjektet.

Erik Hommedal, teknisk sjef ved Scandic Voss saman med hotellsjef Tor André Villmones.

Starta ute – utvida inne


Då hotellet opna dørene i januar 2020 gjekk verda kort tid etter inn i pandemien, som no er lagt bak oss. Denne periode var krevjande for all turisme og reiseliv på Voss. Nokre prosjekt vart lagde på is i vente på at situasjonen skulle stabilisera seg, mellom anna ein planlagd skallsikring av bygget. Me tek ein rundtur i eit jolepynta hotell saman med hotellsjef Tor André Villmones og Erik Hommedal og ser på område av bygget der den planlagde oppgraderinga er på plass.


Prosjektet starta med behov for fasadeovervaking. Hotellet har fleire utsette punkt utandørs, både mot gateplan og i tilknyting til varelevering og parkering. Etter kvart som dialogen utvikla seg, vart det tydeleg at også innandørs område kunne ha nytte av betre oversikt.

– Dette handlar ikkje berre om utsida av bygget. Det var fleire soner inne der kamera kunne bidra til auka tryggleik og enklare arbeidsdag for dei tilsette, forklarar Villmones.

I dag omfattar løysinga både utvalde fellesareal innandørs, inngangsparti, parkeringsgarasje og område knytte til varelevering. Særleg parkeringsgarasjen og tilkomstane derifrå er viktige punkt å ha kontroll på, både av omsyn til tryggleik og logistikk. Hotellet er kopla saman med den nye Stasjonsgarasjen, der dei leiger 14 plassar. Mange tilreisande har derfrå direkte og tørrskodd tilkomst til hotellet.

Tryggare arbeidskvardag – særleg om natta

Ein av dei store gevinstane med løysinga er tryggleiken for dei tilsette. For nattevakt og resepsjon er det avgjerande å ha oversikt, spesielt i periodar med låg bemanning.

– Nattevakta har no god oversikt direkte frå resepsjonen. Det skapar ei heilt anna tryggleikskjensle, både for den som er på jobb og for oss som arbeidsgjevar, seier Hommedal.

Kamerasystemet nyttar moderne teknologi som gjer det enklare å skilja mellom menneske og andre rørsler. Videostraumane identifiserer personar og markerer dei tydeleg på skjermen, noko som gjer systemet brukarvenleg og effektivt.

– Særleg på natta er dette eit effektivt verktøy for dei tilsette. Ein ser lett om det er personar i og rundt bygget på skjermane, der dei vert merkte med ein skarp grøn farge, legg Hommedal til.

Ein ser lett om det er personar i og rundt bygget på skjermane, dei vert merkte med skarp grøn farge.

Skallsikring og førebygging i fokus

For Scandic Voss har hovudfokuset vore skallsikring og førebygging. Kameraovervakinga er meint å verka avskrekkande og bidra til at uønskte situasjonar ikkje oppstår.


Tjuveri og hærverk er diverre ikkje uvanleg på Voss. Berre det å ha synlege kamera på strategiske punkt har ein førebyggande effekt. Det gjev ein betre kontroll og reduserer risikoen for hendingar. Fleire har sett verdien av å sikra verdiar med kameraovervaking. Voss Kommunikasjon har levert komplette system til butikkar som Endeve Sport, og ein ser effektane av dette.  

For Scandic vart alle kamera kopla til eit lukka nettverk med sikker lagring.For å kunna ha lagring utover 14 dagar må det liggja gode grunngjevingar til grunn. I dette tilfellet er krava innfridde, men tilgangen er strengt avgrensa og berre tilgjengeleg internt for autorisert personell. Dette har vore eit viktig premiss i prosjektet.

For Scandic vart alle kamera kopla til eit lukka nettverk med sikker lagring.

Open dialog og respekt for regelverk


Innføringa av kameraovervaking har skjedd i tett dialog med dei tilsette og fagforeiningane. Scandic er oppteken av å følgja gjeldande regelverk, både når det gjeld GDPR og krav til god og tydeleg skilting. Område med persontrafikk som ikkje er knytt til hotellet, til dømes bussreisande, vert ikkje overvaka.


– Me har hatt ein open og god prosess. Det har vore viktig for oss å informera godt, lytta til innspel og vera tydelege på kvifor me gjer dette og korleis systemet vert brukt, seier Villmones.


Denne dialogen har bidrege til brei aksept for løysinga blant dei tilsette, og til at kameraovervakinga vert oppfatta som eit positivt tiltak for arbeidsmiljøet.

Scandic er oppteken av å følgja gjeldande regelverk, både når det gjeld GDPR og krav til god og tydeleg skilting.


Lokal leverandør gav meirverdi


Sjølv om Scandic som hotellkjede har sentrale samarbeidspartnarar innan tekniske leveransar, valde Scandic Voss å gå for ein lokal leverandør i dette prosjektet. Det har vore stilte høge krav til installasjonen, og Voss Kommunikasjon har måtta finna gode løysingar for at kunden skulle verta nøgd. Dialog rundt forventingar har vore viktig for å levera eit godt resultat.

Kameraovervakinga er ein del av ei større satsing på tryggleik og tilrettelegging for gjester og tilsette.


Med moderne teknologi, gjennomtenkte løysingar og ein lokal samarbeidspartnar har Scandic Voss styrkt tryggleiken og lagt til rette for ein endå betre kvardag – både for gjester og tilsette. Rett teknologi, brukt på rett måte, kan skapa reell verdi i hotellkvardagen.

No items found.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.