Design og webutvikling – ei eiga avdeling
Me ser at stadig fleire kundar har behov for gjennomtenkt visuell kommunikasjon. For mange startar det med ein ny nettstad, men ofte handlar det òg om logo, identitet og eit heilskapleg uttrykk. Fleire kundar ønskjer hjelp til oppsett, gjennomføring og analyse av digitale kampanjar, der me kan ta ansvar for både innhald og avvikling. Med sterke samarbeidspartnarar på utvikling tek me på oss større prosjekt med meir avanserte tekniske løysingar.
Denne satsinga er eit viktig steg i vidareutviklinga av Voss Kommunikasjon som totalleverandør – der teknologi, design og innhald spelar på lag for å gjera kundane våre meir synlege. Både små og store verksemder vil kunna nytte godt av å samle tenestene hjå oss.
Erfaring og handverk
Tom har ein allsidig bakgrunn og har jobba med alt frå TV-grafikk til musikkbransjen, og har åtte år bak seg hjå det lokale prenteverket med design og layout for trykk. Han er meir enn normalt oppteken av typografi – kall det gjerne ein yrkesskade.
– For meg er handverket like viktig i teknisk utføring av ein nettstad som i ein trykksak. Skilnaden ligg i at eit fysisk produkt er ferdig når det kjem frå trykkpressa, medan ein nettstad eller anna digital løysing er levande, treng oppdateringar og vedlikehald – det er ein kontinuerleg prosess med utvikling.
Vårt fokus er å tilby gode, tilpassa løysingar for kundane våre, uansett storleik. Dei fleste kundane våre er små og mellomstore, med varierte behov for digital synlegheit. Nokre treng ein enkel nettstad for å fortelje om verksemda og gjere det lett å ta kontakt, medan andre har nettstaden som primær kontaktflate mot kundane sine. Mange ønskjer å kunna oppdatere nettstaden sjølve ofte, medan andre sender innhald til oss nokre gonger i året for oppdatering av tekst og bilete. Me tilpassar oss etter kva som passar best for kunden.
– Eg har jobba med Voss Kommunikasjon heilt sidan eg var tilsett i Voss Prenteverk, mellom anna med ei kampanjeavis om datatryggleik – eit tema som er like aktuelt i dag. Seinare har eg hatt ulike oppdrag som konsulent medan eg jobba i Bergen, men etter nokre år som togpendlar ville eg heim til Voss att. I februar takka eg av mine gode kollegaer i Jobloop og Form Bergen, og vart med på laget hjå Voss Kommunikasjon i dei nyoppussa lokala i Uttrågata. Det er kjekt å vere tilbake, og eg gler meg til å bidra til spennande prosjekt vidare.
Teknologi med kunden i fokus
Dei fleste nettsider i dag er bygde for enkel redigering av innhald gjennom ulike publiseringsverktøy. Marknaden kryr av rammeverk, system og løysingar, og mange leverandørar har spesialisert seg på éin plattform. Me vel heller å ta utgangspunkt i kva kunden faktisk treng, ikkje kva system som ligg bak. Med stadig nye rammeverk, skytenester og innhaldsstyringssystem på marknaden, finn me løysinga som passar best for prosjektet ditt – ikkje motsett.
Gjennom Vossaskyen har Voss Kommunikasjon all naudsynt kapasitet til å lagre og levera ditt digitale produkt, uavhengig av teknisk oppsett. Plattforma vert stadig vidareutvikla, med nye tenester og fleire serverar – både på Windows og Linux. Dette gjer oss til ein trygg og fleksibel leverandør for kundar med ulike behov og tekniske krav.
Me tek òg på oss oppdrag innan foto, video og animasjon – når det naturleg fell inn i prosjektet. Dette gir kundane våre ein ekstra dimensjon i den visuelle kommunikasjonen, og styrkjer heilskapen i dei digitale løysingane me leverer.
Nokre av prosjekta me jobbar med
* Kveik
* Brynalii 102
* Heidrafest
* Voss Betongservice
Voss Kommunikasjon er klare for nye utfordringar og ser fram til å hjelpe fleire kundar med å bli synlege i digitale kanalar, med løysingar som varer og utviklar seg i takt med behova.
Sjå våre webpakkar









