Kontor utan hybelkaninar

Pulten er ryddig og støvfri.
Han speiglar dei nyoppussa lokala til Subaru Voss. 

Liv Bekkenes Fujitsu Q 600.jpg

Liv Bekkenes, Subaru Voss

Lydlaust og støvfritt

På dei fleste kontor kan du høyra summinga frå PC-en. Vifta går dag og natt og trekk til seg hybelkaninar, men ikkje hjå Liv Bekkenes hjå Subaru Voss.

-PC-en er lydlaus, og liten, seier Liv Bekkenes der ho sit bak ein støvfri kontorpult.

I tillegg til at vifta trekk til seg støv og skapar eit dårleg inneklima, støyar ho. Jo eldre PC-en er, jo meir intens er ofte lyden. Før var vifta heilt nødvendig. Ho skapte kjøling til harddisken som
snurrar rundt med 5–7 tusen omdreiingar i minuttet.

Men no er det SSD-diskar som gjeld i stasjonære maskinar. Her er det ingen rørlege delar og behovet for kjøling er nesten borte.

Lydlaus PC på storleik med ein bibel
Fujitsu sin Q-serien er genial til kontoret. Storleiken gjer at Liv Bekkenes har plassert PC-en på kontorpulten. Då får du lett tilgang til kontaktane som gjer at du får kopla til skjermane
og USB-einingane dine utan at det blir kabelrot.

- No legg eg ut bilete til vekas bruktbil, fortel Liv. Det er enkelt å kopla til kamera til PC-en når ho står på pulten.

Resultatet er ein ryddig pult, eit stille kontor, og ikkje minst, du blir kvitt hybelkaninane.

Voss Kommunikasjon har i ei årrekkje levert PC-ar frå Fujitsu. Dei leverer kvalitet. No har dei også produsert ein lydlaus PC på storleik med ein bibel.

Bonusen er at du får ein ny rask PC, som startar på sekundet og varar år etter år.  Subaru Voss koplar seg frå PC-en rett inn i Vossaskyen der dei køyrar programma sine.

Klikk her for å gå til produktet!

Q5562P23SBNC 37448_FUJITSU_Desktop_ESPRIMO_Q556_-_right_side_1.png

Fujitsu Q-serie er lydløs, liten og kraftfull. Passar perfekt til kontoret. 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×