Hotel Ullensvang løftar teknologien til nye høgder
Frå naust til historisk hotell med lyd og bilete i toppklasse. På Lofthus er dei no klare for både konferansar og brullaupsfestar.
Ein hoppar ikkje ut av eit fly utan rett utstyr – (nesten) på same måten som ein ikkje går inn i kampen om å vere framtidas møteplass, med teknologi frå i går.
Det er ofte her me kjem inn i biletet, og for å gjere ei lang historie kort, fekk me oppdraget med å løfta Hotel Ullensvang – ikkje berre med ei standard hyllevare, men med ei teknisk løysing som skulle tole tidas tann og samstundes ta høgd for å verte utfordra av naturen.
Lofthus har vore ein destinasjon og møteplass for både lokale og tilreisande med gamle og nye forretningsforbindelser i heile 179 år. Det ligg alltid mykje planlegging bak installasjon av video og lyd-anlegg i eldre bygg. Men det er sjeldan ein kjenner på denne typen ærefrykt i kvardagen, der hovudet ofte er inne i eit skap eller nede i ein maskin.
Red.anm.: I skrivande stund er det faktisk ikkje så lenge sidan sist – me installerte nyleg eit splitter nytt AV-anlegg på Fleischer’s Hotel òg. Men det er framleis sjeldsynt.
Hardanger i mai – Noreg kledd i si vakraste drakt.
Tom-Erik Jensen og Tom Mæland tok turen til Lofthus, Hardanger i slutten av mai. Me møtte vertskapet i opptakten til sesongen og leiarskifte. Alexander Grieg var på veg attende til hotelldrift i Bergen medan Jørgen Tande-Petersen tar over som administrerande hotelldirektør med Terje Hansen som assisterande direktør.
– Det må vere bra lyd og bra bilete. No er det slik at nesten alle næringslivskundar har betre fasilitetar enn det hotella har. Det er eit lite «problem». Besøker du ei større verksemd har dei tipp topp moderne møteromsfasilitetar.
Alexander Grieg
Ein rigg for vær og vind
Bakgrunnen for prosjektet er ikkje noko Hotel Ullensvang er åleine om. Me vart først kontakta for å installere eit nytt anlegg etter at fjorårets flaum gjekk langt over elvebreidda og inn i hotellet sine konferanserom og salar.
– For det fyrste var det viktig for oss å ha skikkeleg god lyd når me først skulle sette denne konferansesalen i stand. Og så er dette ein del av marknaden som er viktig for oss. Skuldersesongane her på hotellet er utruleg viktig, altså vår og haust. Då er konferansefasilitetane blitt meir og meir viktig. Me såg me var på veg å hamne bakpå der. Så vart det ein todelt sak – noko vart dekka av oss og noko vart dekka av forsikringa. Det mest nødvendige vart dekka av forsikring, det andre tok me. Då hadde me mange høve til å oppgradera ekstra.
Gøran Fimreite justerer ei av dei to kraftige projektorane som vart installert i storsalen.
Doble skjermar og lydanlegg er kontrollert av trykkskjermar på kvar side av salen. Enkelt og sjølvforklarande brukaroppleving som lar gjestane få det akkurat slik dei vil.
Oppgraderingane gjer at bruken av salane no er opna for fleire typar aktivitetar. Me installerte kraftigare lydanlegg med tilhøyrande subwoofer. No er det svært god lyd og nok futt til at bryllaupgjestar kan gå frå middag ved småbord til nattklubb med DJ på kvelden – alt i same sal.
Ullensvang set ny standard for destinasjonsarrangement
Av og til kjem ein ikkje unna klisjéane: Ullensvang er ikkje berre eit hotell – det er ei levande tidslinje. Frå å vere eit naust som 16 år gamle Hans Utne bygde i1846 for reisande som kom over fjorden i halmsenger, har historia gått sin gang– òg på Ullensvang.
Med epleblomstring som gardin framfor ei kulisse av fjell og fjord, finst det knapt betre bakgrunn for Teams-møte og konferansesamtalar. Her kan ein med god samvit slå av dei 3D-animerte tropiske omgjevnadene frå heimekontoret, og fjerne blur-effekten som skjuler møteromsveggen – og stolt svare på kvar ein er.
Særleg med eit heilt nytt lyd og video-anlegg:
· Fullintegrert lyd og bilete
· Smarte og enkle kontrollsystem
· Klart for strøyming, hybridmøter og framtidas gjestebehov
· Brukarvenleg for alle – mykje kraft under panseret
Det eksisterande trådlause mikrofonanlegget er det einaste utstyret som klarte seg etter flaumen. Det var plassert høgast i eit teknisk skap. No er alt utstyret heva over bakken og sikra for flaum i framtida.
Som base for opplevingar er Hotel Ullensvang perfekt for både norske og utanlandske besøkande. Dronningstien, Trolltunga og Hardangerfjorden er ved dine føter.
Alexander Grieg veit kva verdiar dei sit på ved Hotel Ullensvang. Hardanger og Lofthus er sterke varemerker. Me sit ved eit kafébord med utsikt over fjorden. Eit av hans siste oppdrag i kalendaren var eit kundemøte.
- Me sel beliggenheten vår – og me bruker alt som er rundt her. I dag skal eg treffe eit kanadisk selskap som kjem her i slutten av mai. Det kjem to stykk på pre-tour. Dei kjem for å gå Dronningstien, Trolltunga, me skal ha dei inn på Buer og Olav K. Dei skal eta her, og i hagen. Me prøver å sy saman eit opplegg for dei. Dei bruker alt som Lofthus og Hardanger byr på i tre døger. Det er den type gjester me har – me tar utganspunkt i kor me er.
I dag må alt berre funke. Det er så mykje anna som er kome til no: ting skal vere trådlaust, du skal kunne ha møter på Teams og eksterne forelesarar skal kunne straume til deg. Då er det mykje lettare når grunnstrukturen er på plass. Det kan alltid vere andre hotell som gjer det betre. Dette vert eitt av dei parametrane du konkurrerer på.
No står Jørgen Tande-Petersen klar for å ta neste steg med destinasjonsarrangement i Hardanger.
Takk for eit historisk oppdrag
Takk til Hotel Ullensvang ved Alexander Grieg for oppdraget. Det var satt ulike mål med oppgradringen ved oppstart. Og god dialog mellom forsikringsselskap og hotellet la eit godt grunnlag. Dei klarte balansere restaurering av store delar av fyrste høgd etter flaumen – samsundes som ein såg framover. Gjester og kundar kan no arrangere destinasjonsevent av ypperste klasse med brukarvenlege tekniske løysingar.
Me skal ikkje påstå at me har sikra oss ein plass i historiebøkene – på linje med Hans Utne, etterkomarane hans, eigarskiftet til H.I.G Capital og dei nye eigarane iHEIMR Collection. Men me er utruleg stolte av resultatet, og kan med handa på hjartet seia at med nytt lyd og video-utstyr levert av Voss Kommunikasjon er standarden løfta – kraftig.
No items found.
Heading
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat. Aenean faucibus nibh et justo cursus id rutrum lorem imperdiet. Nunc ut sem vitae risus tristique posuere.
Heading 1
Heading 2
Heading 3
Heading 4
Heading 5
Heading 6
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua. Ut enim ad minim veniam, quis nostrud exercitation ullamco laboris nisi ut aliquip ex ea commodo consequat. Duis aute irure dolor in reprehenderit in voluptate velit esse cillum dolore eu fugiat nulla pariatur.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat. Aenean faucibus nibh et justo cursus id rutrum lorem imperdiet. Nunc ut sem vitae risus tristique posuere.
This is some text inside of a div block.
Heading 1
Heading 2
Heading 3
Heading 4
Heading 5
Heading 6
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua. Ut enim ad minim veniam, quis nostrud exercitation ullamco laboris nisi ut aliquip ex ea commodo consequat. Duis aute irure dolor in reprehenderit in voluptate velit esse cillum dolore eu fugiat nulla pariatur.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua. Ut enim ad minim veniam, quis nostrud exercitation ullamco laboris nisi ut aliquip ex ea commodo consequat. Duis aute irure dolor in reprehenderit in voluptate velit esse cillum dolore eu fugiat nulla pariatur.