Microsoft avslutter den automatiske oppdateringen av Windows 10 frå 14. oktober 2025. Arvtakaren til Windows 8.1 vart lansert 29. juli 2015. Då var den ein gratis oppdatering for alle med Windows 7 og 8.1.
Windows 10 vart ein stor suksess for Microsoft. Med over ein milliard installerte einingar globalt i 2020 og det desidert mest populære operativsystemet for vanlege PCar med 75% av marknaden i årevis.
Då Microsoft kom med Windows 11 i oktober 2021 skulle det ta tid før brukarane gjekk over til den nye versjonen. I Noreg er framleis kvar tredje PC på Windows 10. Men no må alle som har ein maskin med Windows 10 ta grep - om dei skal ferdast trygt på internett.

Kva skjer no?
Microsoft sluttar med vanlege oppdateringer til Windows 10 i dag. Om du har ein PC med Windows 10 vil du frå i dag av ikkje motta naudsynte oppdateringer som tryggar vanleg ferdsel på nett. Så kva gjer du då?
Det er fleire vegar fram både med og utan Windows 10. For våre bedriftskundar anbefaler me at de tar kontakt med ein av våre teknikarar for å gå gjennom kva utstyr de har og finn den tryggaste løysinga. Microsoft har etablert eit program for dei som av ulike grunnar må ha utstyr køyrande på eldre versjonar av operativsystemet. For dei fleste vil det vere best å oppgradere, men det er mange hensyn å ta før ein set i gang.
Brukarar kan få utvida oppdateringar i ein begrensa periode, men for PCar som har vore brukt i jobbsamanheng og er knytt til ei verksemd vil ikkje denne måten å utvide levetida fungere. Microsoft har eit eige system for einingar som er i kommersiell bruk. Ta kontakt med oss for ein gjennomgang av dine system.
For privatkundar
For privatkundar som ynskjer å halde på eldre versjonar av Windows har Microsoft laga ESU-programmet "Utvida sikkerheitsoppdateringer for forbrukere". Operativsystemet vert ikkje oppdatert som før, men det vil kome sikkerheisoppdateringer for å tette dei største truslane. Dette er gratis og varer fram til 13. oktober 2026, men det ligg fleire vilkår:
- Maskinen må vere knytt til ein Microsoft konto (PCar med lokale kontoer kan ikkje nytta ESU)
- Maskinen må ha den siste tilgjengelege Windows oppdateringen (22H2)
- Microsoft-kontoen må vere ein administratorkonto
I tillegg til dette er det meir du kan lese om på Microsoft sin offisielle side om ESU for forbrukarar.
Treng du hjelp så ta kontakt og me finn ei god løysing tilpassa deg.