Nokon likar å skli. Andre likar å rulle.
Dette er slagordet til Mousetrapper Delta-serien, eit tilskot til den svenske kvalitetsprodusenten sitt rikhaldige utval av ergonomiske muse- og tastaturløysingar.
Slit du med "musearm"?
I mange jobbar brukar ein meir og meir tid på kontorplassen, foran datamaskina, mus og tastatur. For nokon kan vekslinga mellom mus og tastatur føre til unødvendig belastning på handledd, arm og skulder.
Ergonomisk rullestang
I så fall kan den ergonomiske Mousetrapper Delta museløysinga vera ein livreddar. Ved å bruka ein rullestang, eller "control bar", i staden for den klassiske museløysinga får armen og handledda kvile, og ein unngår avstanden og vekslinga mellom tastatur og mus.
I tillegg synest mange at dei får god presisjon med rullestanga, og med fleire programmerbare knappar kan du laga smarte snarveger som sparer tid i arbeidskvardagen.
Framleis usikker?
Som underleverandør til Mousetrapper kan me låna deg Mousetrapper-produkt, sånn at du får sjekka om dette er noko for deg.
Besøk Mousetrapper-sida og finn produktet du vil låna, og så skaffar me det til deg, anten det er snakk om lån eller direkte kjøp.
Interessert i å prøva Mousetrapper?
Ta direkte kontakt med rådgjevar Marianne Sandvik på marianne@vossk.no eller tlf. 913 75 013.