Signerte storkontrakt med Vegtilsynet

Voss Kommunikasjon vann offentleg anbod og vert no totalleverandør av IT-tenester for Vegtilsynet. – Det var kvaliteten som avgjorde at det blei den lokale verksemda som gjekk av med sigeren, sa direktør for Vegtilsynet, Vegard Hansen.

– Me har allereie samarbeidd godt med Vegtilsynet som underleverandør dei siste åra. No gler me oss til å utvida samarbeidet som totalleverandør, med ansvar for alt frå programvare og nettverk til backup og møteromsutstyr, seier Roger Hovland, dagleg leiar for Voss Kommunikasjon.

Papira vart signerte tysdag 30. mai, med fleire representantar frå dei to Vossa-verksemdene til stades.

– Me var på jakt etter ein totalleverandør, ein som kan levera heile pakka på IKT, og då var det Voss Kommunikasjon som leverte best.

Vegard Hansen, direktør for Vegtilsynet.

Totalverdien for anbodet er på opp mot ti millioner kroner, noko som gjer Vegtilsynet til Voss Kommunikasjon sin største kunde målt i omsetnad.

– Det betyr veldig mykje for oss. Vegtilsynet er den største kunden me har hatt. Det er veldig viktig at me har stabile og gode kundar, så dette er ein siger for oss, sa Hovland under signeringa.

F.v.: Direktør for Vegtilsynet, Vegard Hansen og dagleg leiar for Voss Kommunikasjon, Roger Hovland.

Direktør for Vegtilsynet, Vegard Hansen, sa følgande til Avisa Hordaland i samband med signeringa:

– Me er på jakt etter ein totalleverandør, ein som kan levera heile pakka på IKT, og då var det Voss Kommunikasjon som leverte best. Prisen til dei to verksemdene var tilsvarande like, så det var kvaliteten som avgjorde at det blei den lokale verksemda som gjekk av med sigeren.

Du kan lesa Avisa Hordaland si artikkel om signeringa her, viss du har abonnement.

Bileta i denne artikkelen er tekne av Sverre Hjørnevik/Mediesmio.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.