Ein gravemaskinførar med ei utdatert kabelteikning kan snu opp ned på arbeidsdagen. Og når fiberen fyrst er broten, kan ein jo håpa at det er pudderalarm på fjellet.
Heime handlar eigenberedskap om drikkevatn, boksar med lapskaus, batteri og ved. På jobb handlar det om internett, telefon, kundedata og rekneskapssystem. Ein gravemaskin, ein haustorm eller eit dataangrep kan ta alt på ein gong. Då er spørsmålet om dei tilsette kan jobba vidare, eller om dagen endar som ein ufrivillig ryddedag på lageret.
Reserveløysingar når nettet er nede
Når nettet går,stoppar kanskje kortterminalen, telefonen og alt som ligg i skya. Og då hjelper det lite å ha ein plan i skuffen.
Ei enkel løysing er 4G eller 5G som reserve for fiber, kopla til brannmuren slik at verksemda automatisk held fram med arbeidet om hovudsambandet fell ut. Me i Voss Kommunikasjon har alltid laptopar med innebygd 5G på lager, og aksesspunkt med 5G som kan leigast ut dersom ulukka er ute.
Der det ikkje finst noko dekning, er satellittinternett gjennom Starlink eit alternativ. Me har levert til entreprenørar på Voss som arbeider på anlegg utan noko slags dekning, og Røde Kors har teke teknologien i bruk fleire stader i landet for å sikre internettilgang under redningsarbeid. Hugs at både Starlink og anna nettverksutstyr treng straum. Me har derfor mobile løysingar på batteri som er tilpassa krevjande miljø, og fastmonterte antenner for bruk over lengre periodar.
Me har gjerne ein nabo me kan låna stige eller snøskuffe hjå. Kanskje har nabobedrifta også ein ledigkontorplass og eit trådlaust nett, og du kan stilla opp når det er deira tur. Då veit du kven du skal ringja når noko går gale.
Veit du kvar dataa dine ligg?
Dei fleste har viktig informasjon lagra digitalt,men få veit kvar ho faktisk ligg. Hjå oss i Vossaskyen, i Noreg, i EU eller i USA? Det er lett å la vera å spørja før noko går gale. Og ein backup er ikkje verd mykje før første gongen du prøver å henta noko tilbake.
Alle kundar med ei oppdatert M365-løysing frå oss får lokal backup av data knytt til brukaren sini datasenteret vårt, Vossaskyen. Er du usikker på kvar dataa ligg eller om backupen fungerer, tek me gjerne ein gjennomgang saman.
Tryggleik på dagsorden
Voss Kommunikasjon var nyleg på Nkom-dagen, der me møtte fagmiljø, brukarar og leverandørar og diskuterte tryggleik, kommunikasjon og beredskap. Hjå oss er dette eit kontinuerleg arbeid der me veg ulempa hjå brukaren mot nye trugsmål. KI akselerer utviklinga både på angrepssida og hjå dei som skal passe på data og brukaren.
Nasjonaltryggingsmyndigheit (NSM) heva 27.oktober det nasjonale cyberrisikonivået til høgt. Det betyr ikkje at alle må bli ekspertar, men at det er lurt å vita kva ein gjer når noko sviktar.
Eit godt utgangspunkt er Cybersjekk.no, eit verktøy frå NSM der du på rundt 30 minutt får betre oversikt og konkrete forslag til tiltak. Du finn òg nyttige råd om digital tryggleik og beredskap på Sikkert.no.
Og er du usikker på backup, datalagring eller kva du skal gjera når nettet forsvinn, snakk med oss i Voss Kommunikasjon, så ser me på det saman.
Pudderalarm er noko me kan sjå fram til, andre alarmar er ikkje like kjekke. Det beste er å kunna leggja vekk PC-en og stikke på fjellet fordi du har lyst, ikkje fordi fiberen er broten