Copilot får nye krefter

Microsoft har denne hausten presentert fleire store nyheiter i Copilot. Den digitale assistenten vert stadig meir avansert, og skal no kunna gjera langt meir enn å svara på spørsmål og hjelpa deg med tekst. Når Copilot får fleire verktøy og kan kopla seg til fleire datakjelder, kan den arbeida tettare på det du held på med, med større presisjon.

Cowork for meir avanserte oppgåver

Dei fleste kjenner Copilot som ein hjelpar i Word, Excel, Outlook og Teams. Du kan få hjelp til å skriva e-postar, oppsummera møte, analysera informasjon og laga presentasjonar.

No tek ein dette vidare med Copilot Cowork. I staden for å berre gje deg svar, kan Copilot utføra større oppgåver på dine vegner.

Du kan til dømes be Cowork om å gå gjennom informasjon frå fleire dokument, samla det viktigaste og laga eit ferdig forslag til ein rapport eller presentasjon. Copilot kan jobba gjennom fleire steg i same oppgåve. Den samla jobbflyten kan no lagrast som ein automatisk jobb.

Den kan startast av ein innkomande e-post, ei ny fil i ei SharePoint mappe den overvakar eller køyre på eit bestemt tidspunkt. Tilgang til avansert automatikk er no tilgjengeleg for alle, utan at du treng å programmere noko eller ha tilgang til spesialiserte tenester.

For å bygge automatikk i Cowork jobbar du med instruksjonar som du gjer med vanleg Copilot. Etter testing kan du publisere arbeidsflyten til Microsoft skyteneste Azure.

Fleire KI-modellar på veg

Microsoft opnar no for bruk av KI-modellar frå Anthropic, selskapet bak Claude. Dei skal flyttast inn i datasenter innan EU. Noko som gjer at du kan nytta dei til å arbeide med dine data, og vere underlagt europeisk lovar for datalagring.

Det betyr at Copilot etter kvart kan nytta ulike KI-modellar til forskjellige oppgåver. Nokre er spesielt gode på tekst og analyse, medan andre passar betre til meir omfattande arbeid.

For kundar i Noreg er det venta at denne moglegheita vert breiare tilgjengeleg på nyåret, med tilpassingar til europeiske krav om databehandling.

Ny betalingsmodell for større oppgåver

Frå 1. desember skjer det òg endringar i korleis Microsoft tilbyr Copilot til bedriftskundar.

Microsoft innfører gradvis forbruksbasert betaling for meir avanserte funksjonar som Cowork. Det betyr at verksemder kan betala for bruken av desse funksjonane i tillegg tilden vanlege Copilot-lisensen.

Den automatiske aktiveringa av slik betaling er varsla utsett for enkelte kundar, og kva som gjeld vil avhenga av abonnementet og oppsettet til verksemda.

For å ha god kontroll på bruken kan administrator setja grenser og styra kven som får tilgang til dei nye funksjonane. Ta kontakt så kan me gå gjennom dine lisensar og sette grenser og tilgang.

Ein smartare arbeidskvardag

Copilot er i rask utvikling, og dei nye funksjonane viser tydeleg kva retning Microsoft ønskjer å gå. Frå å vera ein assistent som svarar på spørsmål, skal Copilot i stadig større grad kunna hjelpa deg med å få arbeidet gjort. Både tettare integrasjon i dei programma du jobbar i dagleg og tilgang til automatiske køyringar i Azure.

For mange verksemder kan dette opna for heilt nye måtar å jobba på.

Me i Voss Kommunikasjon følgjer utviklinga, testar og er tett på kundane som har tatt dette i bruk. Me kan hjelpa deg å finna ut korleis Copilot kan nyttast på ein trygg og effektiv måte i di verksemd.

Ta kontakt med oss om du vil vita meir om moglegheitene i Microsoft 365 Copilot.

 

‍

No items found.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.