Gje arbeidsplassen ei ergonomisk oppgradering!

Mange brukar store delar av dagen sitjande framfor ein skjerm, anten me jobbar på kontor eller heime. Då er det viktig at arbeidsplassen er tilpassa deg og arbeidsoppgåvene dine.

Arbeidsplass med tilpassa mus og tastatur og godt lys

Feil arbeidsstilling, dårleg utstyr og manglande variasjon gjennom arbeidsdagen kan over tid føra til fysiske plager. Folkehelseinstituttet peikar på at uheldige arbeidsstillingar, einsformig arbeid og mykje stillesitting aukar risikoen for plager i musklar og skjelett, og at førebygging bør skje på arbeidsplassen.

‍

Meir enn å unngå plagar

Ein som jobbar fulltid, er på jobb nesten ein tredel av tida ein er vaken. Ergonomi handlar ikkje berre om å unngå smerter og belastningsskadar, det handlar òg om å ha ein arbeidsplass der ein sit godt, jobbar effektivt og klarer heile dagen utan å vera sliten i kroppen. Det skal ikkje mykje til for at tilsette merkar skilnad. Ein tilpassa arbeidsplass med godt lys og tilpassa møblar kan vera eit godt steg på vegen mot ein betre arbeidskvardag.

Korleis sit du i dag?

I samarbeid med TeBe Interiørhar me sett opp ein eigen ergonomisk arbeidsplass i butikken vår. Der har mestilt ut ergonomiske møblar som stol og hev-senk-bord, i tillegg til utstyr somkan letta kvardagen med hjelp av rett tastatur, mus og god belysning. Alt er sett opp med tanke på god sittestilling og rett høgde på bord og skjerm.

Me inviterer verksemder til å besøkja utstillinga vår. Her kan du testa ulike ergonomiske produkt, sjå nærare på møblar og belysning og ikkje minst få inspirasjon til korleis du kan forbetra din eigen arbeidsplass eller arbeidsplassane til dei tilsette.

Her finn du mellom anna Mousetrapper, ei musløysing som ligg framfor tastaturet slik at handa slepp å strekkja seg ut til sida, og skjermlamper frå BenQ som gir godt lys utan gjenskin på skjermen.

Kom innom og prøv

Ta turen innom butikken vår, eller ta kontakt med oss om du vil sjå på arbeidsplassane i di verksemd.

Start nyåret med ein arbeidsplass som tek vare på kroppen, så har du meir att til skituren etter jobb.

‍

No items found.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.