Voss Kommunikasjon søkjer etter ein engasjert og service innstilt butikk-medarbeidar til vår butikk på Voss. Stillinga passar for deg som likar kunde kontakt, og er nysgjerrig på teknolog isom ønskjer ein variert kvardag med både sal av produkt og formidling av tenester.
Arbeidsoppgåver:
· Bidra til dagleg drift og utvikling av butikk i lag med butikksjef
· Kundemottak og rettleiing av Kunder
· Salav produkt innan IT, mobil og tilbehøyr
· Sal og forklaring av Voss Kommunikasjon sine tenester (sjå vossk.no)
· Enkel ordrehandtering og oppfølging
· Bidra til ryddig og triveleg butikkmiljø
Arbeidstid:
· Måndag–fredag I butikkens arbeidstid
· Laurdag ihht egen turnus
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
· Er serviceinnstilt og likar å jobba med menneske
· Kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg
· Har interesse for teknologi og digitale løysingar
· Er strukturert, påliteleg og sjølvstendig
· Erfaring frå butikk eller sal er ein fordel, men ikkje eit krav
Me kan tilby:
· Sommarjobb i eit lokalt og solid selskap
· Moglegheit forfast tilsetjing etter sommaren
· Varierte arbeidsdagar med mykje kundekontakt
· God opplæring i produkt og tenester
· Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
· Konkurransedyktige vilkår
Søknad:
Søknadsfrist: 31. mars
Søknader vert vurderte fortløpande.
Send ein kort søknad og CV til Tom@Vossk.no
Spørsmål? Kontakt Tom‑Erik Jensen – 913 75 004 eller Stine Bleie - 913 75 017

.jpg)






