I sommarferien er det fort gjort å bruka meir data enn vanleg, og då kan 10 GB ekstra komma godt med for dei med Flyt-abonnement.
– Mange av våre telefonikundar har nettopp dette abonnementet, så det er viktig at folk får dette med seg, seier Marianne Sandvik, Rådgjevar Bedrift hjå Voss Kommunikasjon.
Om ein er usikker på kva abonnement ein har kan ein sjå dette ved å logga på Mitt Telenor-appen eller på Mine sider.
– Når ein er på reise i ferien er ein gjerne mindre på wifi enn vanleg, så då er det fint å ha litt ekstra data frå Telenor, meiner Sandvik.
Pakka er gyldig frå aktivering og ut neste kalendermånad.
Slik mottek du sommargåva
Du lyt sjølv aktivera datagåva frå Telenor. Heldigvis er det enkelt å få til!
- Gå inn på Mitt Telenor-appen.
- Klikk på "Fyll på data"
- Velg "Bedrift"
- No skal du sjå "Sommargave 10GB", trykk på "Bestill for 0,-"
God sommar! ☀️