Nok eit år med nye rekordar

Eit travelt år for Voss Kommunikasjon nærmar seg slutten. – Der me i fjor hadde både 30-års jubileum og passerte 30 millionar i omsetning for fyrste gong, passerer me i år 40 millionar, seier dagleg leiar Roger Hovland.

Vinter på Voss

Jola er rett rundt hjørnet og året 2023 skal oppsummerast. Me tok ein prat med dagleg leiar Roger Hovland om ståa i selskapet.

Endå eit år med rekordar altså – kva gjer Voss Kommunikasjon for å få til slik vekst?

– Der me i fjor hadde både 30-års jubileum og passerte 30 millionar i omsetning for fyrste gong, passerer me i år 40 millionar – det er kjekt å få til slik vekst. Det er hardt og strukturert arbeid over tid som gjer at me lukkast slik som me gjer. Dyktige kollegaer som bidreg til at våre kundar får ein enklare og tryggare IT-kvardag, og ikkje minst lojale kundar som har følgd oss over lang tid, i tillegg til jamn tilkomst av nye kundar gjer at den auken me har sett dei siste åra held fram, meiner Hovland.

– Det er hardt og strukturert arbeid over tid som gjer at me lukkast slik som me gjer.

Roger Hovland, dagleg leiar i Voss Kommunikasjon.
Dagleg leiar Roger Hovland under kunde- og leverandørtreffet "Smart arbeidskvardag" i september i år.

Vekst i kundar og omsetning – vert det fleire tilsette og, då?

– Ja, me er no i ein prosess med å få fleire med på laget, og me har som ambisjon å tilsetja fire personar i løpet av månadene som kjem. Dette må på plass for å kunne serve alle kundane og forvalte alle dei tenestene me tilbyr alle våre kundar. Og me vil dermed gå frå 13 tilsette til 17, som er ein stor auke, men som me heilt klart ser fram til å få på plass. Og noko som eg håpar de som kundar vil merke i forhold til auka kapasitet både på teknisk avdeling og rådgiving.


Er det andre nyhende du vil få formidla til kundane?

– No har me fått på plass ny eigarstruktur knytt til lokala våre, og eigarane i Voss Kommunikasjon har teke eit strategisk val om at me skal halda til her me er, sentrumsnært og enkelt tilgjengeleg for kundane våre – det er me glade for.

Les vidare for ei oppsummering av året som går mot slutten!

Dette skjedde i 2023

Her kan du sjå eit utval av det som har prega året for Voss Kommunikasjon. Trykk på lenker i biletteksten for å lesa meir om dei ulike prosjekta og hendingane.

Voss Kommunikasjon starta IT-selskapet Sognenett IT i Sogndal saman med Sognenett i byrjinga av året. Selskapet har ambisjonar om å verta det største (og beste) IT-selskapet i Sogn, og me er godt i gang med ni dyktige tilsette og aukande oppdragsmengd!

I februar var me med å sponsa Norgescupen i langrenn for juniorar, eit stort arrangement med over 800 deltakarar som gjekk over 3 dagar. På biletet er eldsjel Arnstein Aas, rennleiar og styreleiar i Vossalangrenn. Her kan du lesa meir om sponsorarbeidet vårt. Foto: Ørjan Brattetveit, Avisa Hordaland.

I mai signerte me storkontrakt med Vegtilsynet, og me vart totalleverandør av IT-tenester til selskapet.

Før sommaren opna design- og landskapshotellet Elva Hotel ved Lundarvatnet – me leverte dei tekniske løysingane til det kulaste møterommet på Voss.

I september samla me ein stor gjeng med kundar og leverandørar til treff i butikken, der me fekk høyra meir om løysingane samarbeidspartnarane våre leverer. Etter den faglege delen drog me til Elva Hotel, spiste god mat og hadde det kjekt saman med kundar og leverandørar!

Eit av årets mest spesielle oppdrag var oppgradering av AV og nettverk i Vangskyrkja. Det var utfordrande å jobba i eit historisk bygg som er strengt verna, men me er godt nøgde med oppgraderinga, som har ført til mykje betre bilete- og lydoppleving for brukarane av kyrkja.

Me vil takka alle våre kundar og samarbeidspartnarar for eit kjekt år – riktig god jol og eit godt nyttår i vente!

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.