Lokale aktørar går saman i etableringa av Sognenett IT

Voss Kommunikasjon går saman med Sognenett AS og Vik IT-partnar i lanseringa av Sognenett IT, eit nytt IT-selskap som tek sikte på å dekke store delar av Sogn. Hovudkontoret blir i Sogndal, i tillegg til kontor i Vik.

Etablering av Sognenett IT

Onsdag 8. februar vart papir signert, og Sognenett IT er eit faktum. Selskapet skal vere eit lokalt alternativ til bedrifter og private med IT-relaterte behov i Sogn.

– Sidan 2007 har Sognenett AS levert internett til innbyggarane i Sogn, og me har opparbeidd oss ein lojal og solid kundebase. Med etableringa av Sognenett IT ynskjer me å gjere kvardagen enklare for kundar med IT-behov i regionen, og difor har me no vald å etablere eit heilskapleg selskap som skal ta hand om ulike IT-tenester. På denne måten får kunden éit kontaktpunkt å forhalde seg til, seier konstituert dagleg leiar Eldar Skjeldestad Åsebø for Sognenett IT.

Sognenett AS går saman med Voss Kommunikasjon og Vik IT-partner og etablerer dotterselskapet Sognenett IT. Framme med penn og papir, frå venstre: Roger Hovland (Dagleg leiar Voss Kommunikasjon), Ole Petter Hatlevoll (Dagleg leiar Sognenett) og Odd Inge Gjeraker (Dagleg leiar Vik IT Partnar). Bak frå venstre Grethe Hjetland, Eldar Skjeldestad Åsebø, Hilde Østbø, Tom-Erik Jensen.

– Me heier på lokalverdiskaping og ønskjer å tilby våre kundar fleire tenester. Dette vil vere ei viktig teneste som mange kan dra god nytte av i vårt kundeområde, seier Åsebø.  

Eldar Skjeldestad Åsebø vert konstituert dagleg leiar for det nystifta selskapet.

Nokre av suksessfaktorane til Voss Kommunikasjon har vore at me har klart å samle fleire IT-tenester i eit heilskapleg tilbod, og vere det éine kontaktpunktet til kunden som gjer at ein får løyst problemet. Det ynskjer me no å ta vidare i Sognenett IT.

Roger Hovland, dagleg leiar i Voss Kommunikasjon

Voss Kommunikasjon med på laget

Voss Kommunikasjon, representert av sogningen Roger Hovland og Tom Erik Jensen, held til på Voss, og leverer til ein kundebase som strekk seg frå Voss og vidare inn i Sogn. Dei er ein av tre aktørar som samarbeider om etableringa av det nye selskapet.

– Voss Kommunikasjon har hatt ein solid vekst på Voss dei siste åra. Me ser at å vere til stades lokalt er viktig, og det ynskjer me å byggje vidare på rundt om i Sogn elles. Me ynskjer å vere med vidare på den verdiskapinga som no vert skapt, og då står me sterkare når me kan slå oss saman og verte ein totalleverandør, seier Roger Hovland.

– Nokre av suksessfaktorane til Voss Kommunikasjon har vore at me har klart å samle fleire IT-tenester i eit heilskapleg tilbod, og vere det éine kontaktpunktet til kunden som gjer at ein får løyst problemet. Det ynskjer me no å ta vidare i Sognenett IT, seier Hovland.

Lokalt forankra verdiskaping

Ein har vald å samle tre lokale aktørar for å stå sterkare saman. Sognenett AS har hatt eit historisk godt samarbeid med Vik IT-partnar, og det var naturleg for begge partar å gå saman i etableringa av nytt selskap. I tillegg kjem Voss Kommunikasjon inn med verdifull erfaring og kompetanse på fagfeltet.  

– Det er så kjekt å få vere med på å skape noko meir enn me allereie har gjort. Når ein ser på moglegheitene som ligg i marknaden såer det motiverande, seier Grethe Hjetland for Vik IT-partner.  

– Det har mangla eit større lokalt selskap i Sogn som kan levere tenester både på internett og IT. No er det til stades, og gler oss til å bidra som ein god samarbeidspartnar, legg Odd Inge Gjeraker i Vik IT-partar til.

Vik IT-partnar har vore ein sentral og synleg aktør i Vik, Balestrand og omegn. Eksisterande kundar kjem framleis til å bli møtt av dei same tilsette, i dei same lokale, men no under eit nytt merkenamn.

Odd Inge Gjeraker og Grethe Hjetland har stor tru på det nye selskapet, og vil bidra med mykje kompetanse.

Sognenett IT – din lokale IT-avdeling

– Mange små- og mellomstore bedrifter har ikkje ei eiga IT-avdeling, og den rolla ynskjer Sognenett IT å fylle. Me skal vere den lokale samarbeidspartnaren ein kan ringe dersom det oppstår eit konkret problem som skal løysast, seier Åsebø.

 

– Ta ein tenkt situasjon der du sit på kontoret og ikkje får skrevet ut eit dokument på skrivaren. Her kan problemet ligge både på datamaskinen, mailprogrammet, nettverket eller brannmuren. Dersom desse tenestene i tillegg er levert frå fire forskjellige leverandørar, risikerer ein å bli sittande i helpdesken til dei ulike leverandørane heile formiddagen for å finne ut kvar problemet ligg. Som kunde i Sognenett IT skal ein unngå å hamne i desse situasjonane, då ein vil ha éin leverandør å forhalde seg til som kan ta hand om alt, seier Åsebø.

Også konsernsjef Terje Bakke Nævdal i Sognekraft (t.h) deltok i feiringa etter at papira var signerte. Innafor arbeidstid lyt ein halde seg til alkoholfri rabarbarasaft, men champagneglasa klinger godt likevel.

Attraktiv arbeidsgjevar

Idéen som byrja å utfolde seg i løpet av hausten er snart klar for første test.

– Me er operative frå dag ein grunna ressursane tilgjengeleg både frå Vik IT-partnar, Voss Kommunikasjon og Sognenett. Så handlar det om å få profilert dette opp, sette ting i system, rekruttere fleire tilsette og bygge kompetansemiljø, seier dagleg leiar i Sognenett Ole Petter Hatlevoll.

– Eg er heilt sikker på at me er ein særs attraktiv arbeidsgjevar. Dette forankra i eit utviklingsorientert og solid eigarskap, med fokus på lokal verdiskaping. Så skal me ta den tida me treng for å byggje oss opp til å verte eit slagkraftig selskap med høg kvalitet i alle ledd, seier Hatlevoll.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.