Me ser framover
Då Voss Kommunikasjon feira 25 år i 2017 fokuserte me på historia vår, og såg tilbake på utviklinga vår som verksemd frå tidleg 90-tal til notid.
Med 30-års-feiringa hadde me lyst til å sjå framover, og fokusere på å hjelpe kundane våre til å ta gode val når det kjem til data og teknologi no og i åra som kjem.
Me valde datatryggleik som tema fordi det er eit viktig og dagsaktuelt tema, som mange kan få stort utbytte av å lære meir om.
I dag er så godt som alle – både privatpersonar og verksemder – "tilkopla" gjennom ulike digitale verktøy. I takt med at me deler meir informasjon om livet og arbeidet vårt over nett og på data, vert oppdatert kunnskap om datatryggleik stadig viktigare.
Mange av leverandørane og samarbeidspartnarane våre er autoritetar på emnet, og me var heldige som fekk fleire av dei til å kome og halde foredrag på konferansen.

Livleg og humørfylt konferansier
Det er ikkje til å komme unna at data- og teknologiprat kan verte litt tørt i lengden. Med Arne Hjeltnes som konferansier fekk me ein livleg og morosam motvekt til det tekniske temaet for konferansen. Med diktopplesning, anekdotar og livlege introduksjonar av foredragshaldarane heldt Hjeltnes humøret på topp hjå publikum.

Framoverlent kompetanseverksemd
Vidar Skeie, leiar i utval for kultur og næring i Voss herad, ynskja velkomen til konferansen med velvalde ord om viktigheita av lokalt næringsliv, kompetanseverksemder og lokalt samarbeid.
Deretter var turen komen til sjefen sjølv, Roger Hovland, dagleg leiar hjå Voss Kommunikasjon. Han var glad for å sjå så mange kundar og samarbeidspartnarar samla i eitt rom, etter fleire år med pandemi og få sosiale tilstelningar.
Det vart vist video og bilete frå den nye nettsida, og Hovland gjekk gjennom kjerneverdiane til Voss Kommunikasjon: Stolt, ærleg, kundenær, framoverlent og kompetent. I arbeidet med konferansen har desse verdiane vore førande.
George Demir, salsdirektør i Mobit-kjeda som Voss Kommunikasjon er tilknytta, ynskte Voss Kommunikasjon hjarteleg til lukka med dagen, og framheva verksemda som ein viktig og langvarig samarbeidspartnar.

Statssekretæren skuffa ikkje
Me var så heldige å få statssekretær Erik Sandsmark Idsøe frå Justis- og beredskapsdepartementet til å halde opningsinnlegget. Han sjølv meinte at folk gjerne vert litt skuffa når han held taler rundt i landet: "Folk vil jo helst ha justisministeren sjølv, og ho har jo vunne Kompani Lauritzen til og med, så eg forstår viss de er litt skuffa!".
Men det var ingen grunn til å vere misfornøgd, Idsøe var både reflektert og underhaldande, og han var særleg oppteken av aukande cybertruslar mot verksemder i Noreg:
Stadig flere virksomheter rammes av cyberangrep. Antall alvorlige hendelser hos Nasjonalt cybersikkerhetssenter er tredoblet de siste årene.
Særlig cyberoperasjonene mot Stortinget i 2020 og 2021 viser alvorlighetsgraden i risikobildet. Målrettet aktivitet fra statlige og kriminelle aktører mot våre kritiske samfunnsfunksjoner, kan i ytterste konsekvens destabilisere samfunnet og undergrave demokratiet.
Dette viser at det er helt avgjørende at alle som driver virksomhet i Norge – enten det er et offentlig organ eller en privat aktør – er årvåken og bevisst på å redusere