Papirlaust rekneskapskontor med Vossaskyen

– Eg kan faget, men eg måtte lære meg systema. Bente Tveit Bakketun kjøpte kundeportefylja til AB Rekneskap av Arild Brattebø i 2016. I løpet av eit år har ho gjort det tradisjonsrike rekneskapsbyrået om til eit papirlaust byrå.

Bente Tveit Bakketun, AB Rekneskap

– Det er ingen som lagar faktura eller førar rekneskap med penn og papir. Alle brukar eit dataprogram. Kvifor skal me då skriva ut fakturaen, for at mottakaren skal føre fakturaen manuelt inn i eit rekneskapsprogram?

Det er Tore Nyborg, dagleg leiar av Voss Kommunikasjon som stiller det retoriske spørsmålet.

– Ein faktura kan sendast elektronisk rett inn i rekneskapsprogrammet. Det er effektivt, og det blir aldri ein punche-feil, forsett Nyborg.

Bente Tveit Bakketun hadde jobba som revisor i 10 år hjå RSM etter å ha utdanna seg i Trondheim.

Korleis har det vore å starta for seg sjølv?

Bente humrar, hmm hmm.

-Travelt. Kjekt, utfordrande…

Ho blir ettertenksam.

– Det har vore ein bratt læringskurve. Eg kan faget, meg eg kunne ikkje systema. Det er spesielt å driva for seg sjølv, sjølvsagt. Det å sitta med ansvaret aleine. Ein må gjera ein del, ein kan ikkje gå heim kl 15.

– Eg har kundar eg ikkje kunne jobba med om eg ikkje hadde hatt Vossaskyen og eit samarbeid med Voss Kommunikasjon.

Bente Tveit Bakketun, AB Rekneskap

Uni Micro

Systema Bente pratar om er rekneskapsprogrammet Uni Micro, årsoppgjersprogram og timeregistrering som ho saman med Office-programma har samla i Vossaskyen.

Kvifor valde du Uni Micro?

– Eg høyrde at mange framsnakka Uni Micro. Hadde så vidt brukt det sjølv, og såg at nokon av kundane eg reviderte før brukte det.

Var det et vanskelig val?

– Eg vurderte fleire alternativ. Arild hadde brukt eit anna system. Men leverandøren var litt vanskeleg i overgangen. Uni hadde vunne testane, og eg så at Uni kunne gje eit papirlaust rekneskap.

Uni Micro er eit av Noregs største rekneskapssystem. Hovudkontoret ligg i Modalen. Selskapet har omlag 100 tilsette. Voss Kommunikasjon har samarbeida med Uni Micro sida slutten av 90 talet, og det var Voss Kommunikasjon som leverte systemet til A B Rekneskap.

– Uni er gode på å skapa flyt i systema. Dei er gode på logistikk og har veldig god integrasjon mot timeregistrering. Det gjer at systema er eigna for både handelsbedrifter og tenesteleverandørar, fortel Tore Nyborg, som har jobba med Uni Micro i mange år.

Føler du at du at du har rett system no?

– Ja, Bente nikker. Alt er elektronisk. Det skaper effektivitet og oversikt.

Vossaskyen

A B Rekneskap har valt å samle alle systema i Vossaskyen. Det har også fleire av deira kundar gjort. Det gjer at kundane og rekneskapsbyrået får jobba saumlaust.

– Jo, det har vore ei god oppleving. Det har ikkje vore nedetid, og eg får hjelp med ein gong det trengs. Eg ser også kor avhengig eg er av systema.

Kunne du drifta det sjølv?

– Nei!

Bente sukkar.

– Det hadde vorte dyrt. Eg måtte hatt ny server, ny backup. Eg måtte jo hatt noko som fungerte.

Samarbeid

A B Rekneskap har utvikla seg til eit moderne rekneskapsbyrå som samstundes har dei personlege eigenskapane. Du får eit nært forhold til rekneskapsføraren, og du føler deg trygg. Gjennom Vossaskyen har A B Rekneskap og Voss Kommunikasjon utvikla eit samarbeid. Voss Kommunikasjon leverer plattforma og bidreg med opplæring og oppsett av systema, mens A B Rekneskap tek seg av det rekneskapsfaglege.

– Me veit korleis Uni verkar. Voss Kommunikasjon brukar systema og veit korleis ein skal bruka systemet effektivt. Ikkje berre på rekneskap. Uni har også eit system for sals oppfyljing, dokumentlagring og integrasjon mot nettbutikk for å nemne noko. Når me kan jobba saman med A B Rekneskap eller andre rekneskapsbyrå  får me levert heilhetlege løysingar fortel Tore Nyborg i Voss Kommunikasjon som gjerne anbefaler Bente til kundar.

Bente legg til.

– Eg har kundar eg ikkje kunne jobba med om eg ikkje hadde hatt Vossaskyen og eit samarbeid med Voss Kommunikasjon.

Fyrst publisert juli 2017

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.