A B Rekneskap

Voss Kommunikasjon har i fleire år samarbeida med A B Rekneskap. Saman kan me tilby eit komplett tilbod frå datadrift til rekneskapsføring. Fordelen med samarbeidet er at det er kort kommunikasjonsveg mellom dei ulike tenestene, og dette kjem kunden til gode.

A B Rekneskap nyttar Uni Micro sine rekneskapsprogram med ulike digitale løysingar tilpassa den enkelte kunden for å sikre rask og effektiv deling av rekneskap med våre klientar. I tillegg nyttar me Duett økonomisystem som er spesielt tilpassa landbruksrekneskap. Me er elles tilknytta Vossaskyen som gjev oss trygg lagring av data. Me er medlem av Regnskap Norge.

Me har erfaring med kundar i mange ulike bransjar, mellom anna hotell, entreprenør, detaljhandel, lastebiltransport, eigedomsutleige, fagforeiningar, burettslag, tannlækjar, trafikkskule, bilutleige, landbruk og drosjenæring.

Om du treng rådgjeving innan økonomi, tradisjonell bilagsføring eller stifting av selskap/val av selskapsform – så kan me hjelpe deg. Me kan også bistå med rådgjeving med tanke på endring av selskapsform eller oppløysing av selskap.

 

Tenester vi tilbyr:

FØRING AV REKNESKAP FOR ALLE TYPAR NÆRINGAR

Me gjer mellom anna:

  • Rekneskap
  • Fakturering
  • Lønn
  • Rapportering
  • Årsoppgjer
  • Rådgjeving
  • Budsjettering
  • Landbruksrekneskap med eigarskifte  

I TILLEGG TILBYR ME BÅDE WEBLØYSING OG SKYBASERT LØYSING FOR:

  • Webordre og -faktura
  • Elektronisk fakturaflyt
  • Timeføring
  • Reiserekning
  • Lønn
  • Rapportering og nøkkeltal

 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×