Møterevolusjon for Vekselbanken

Med nytt digitalt møterom frå Voss Kommunikasjon, går Vekselbanken ein effektiv kvardag i møte. – Me tener nok inn 100.000 kroner årleg i sparte utgifter med dette nye møterommet, seier assisterande banksjef Stig Gunnar Røthe.

Vekselbanken har fått nytt digitalt møterom.

– Tidlegare hadde me ein gammal løysing med lerret på veggen og videoprojektor i taket. Då var ikkje kvaliteten på utstyret godt nok til å erstatta fysiske møte med gode presentasjonar. No slepp me derimot å bruka mykje tid og pengar på å reisa på møter. No tek me det her frå møterommet vårt, seier Røthe. Han fortel at banken spesielt vil nytta løysinga til opplæring.

– Me er med i Eika-samarbeidet, og her vert mykje møteverksemd gjort på Skype. Me vil nok også nytta teknologien til å halda kundemøte, slik at kundane slepp å koma til oss. Dette gjer det enklare for oss å halda kontakt med kundar t.d. i Oslo, der mange utflytta vossingar og verksemder med tilknyting til Voss, nyttar oss.

Rådgjevar for bedriftsmarknaden i Voss Kommunikasjon, Tom-Erik Jensen, samarbeida med Vekselbanken for å finna beste løysinga for banken.

– Me må gje best mogleg råd ut ifrå kvar enkelt kunde sine behov, seier Jensen. Om omsyna til Vekselbanken seier han mellom anna:

– Møterommet er skalerbart, slik at det kan opnast dører som gjer rommet dobbelt så stort som vanleg. Det var utfordringar med sikkert nettverk både fast- og gjestenett. Ein skulle ikkje bytta møteromsmøblar. Det måtte vera funksjonelt og trygt for alle banken sine brukarar, og tilfredsstilla banken sine krav til moderne drift – som Skype.

Då Vekselbanken bestemte seg for å få nytt møterom, ville dei helst ha ein lokal leverandør.

– Me hadde høyrt at Voss Kommunikasjon hadde levert møterom, og me tok kontakt. Eg er imponert over måten selskapet har jobba på. Voss Kommunikasjon fann løysingar som dekka våre behov. Og me fekk prisnivå å velja mellom. Bestillingsprosessen var effektiv, installeringa var rask og opplæringa god. Me fekk god informasjon under heile prosessen. Kvaliteten, innhaldet og prisen overgjekk forventingane våre, seier Stig Gunnar Røthe.

Tom-Erik Jensen meiner rett teknisk utstyr tilpass verksemda sitt behov, gjer det kjekt å arrangera møter.

– Ein god skjerm, god lyd og rask oppkopling av PC-en gjer stor skilnad. Voss Kommunikasjon har levert utstyr til ei rekkje møterom. Besøk oss, så får du sjå korleis me har gjort det hos Voss Kommunikasjon, seier Jensen.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.