WannaCry viruset herjar

Lurar du på om du kan bli hacka?

Frank Pedersen, senior IT konsulent hjå Voss Kommunikasjon deler i denne bloggen sine råd om korleis du skal unngå å bli ramma av virus.

Dei siste dagane har verda vert utsett for eit dataangrep utan sidestykke. Viruset «WannaCry» har spreidd seg. Viruset har kidnappa bilete, dokument, helsejournalar og billettsystem. For å få bli kvitt viruset krev hackarane løysepengar. 

Voss, 14.05.2017, av Tore Nyborg, Voss Kommunikasjon

 

-Dette saknar sidestykke! Sidan fredag er det registrert tusenvis av angrep mot IT-system i 99 land, fortel Europool til media.

Me veit også at Norge er råka av angrepet. Hotellkjeda Choice og billettsystemet til fleire fotballklubbar er blant dei som har fått «WannaCry». 

Bedrifter på Voss og i Hardanger er råka dei siste månadane

Viruset som no herjar har det provoserande namnet «WannaCry». Og det er nettopp det dei som blir råka har lyst til, «wanna cry». Om lokale er råka er ikkje kjent.

– Endå har me ikkje høyrt om nokon bedrifter som har blitt råka av WannaCry. Me veit nok meir på måndag når bedriftene startar på jobb igjen.  Men i løpet av det siste året har me blitt kontakta av fleire firma på Voss og i Hardanger som har fått data kidnappa, seier Tore Nyborg, daglig leiar i Voss Kommunikasjon.

Du kan bli råka

Dei fleste blir hacka når dei klikkar på ein link i ein mail. Linken fører deg til ei side med eit dataprogram som installerer seg på PC’en din. Ofte er det vanskeleg å skilja luremail frå reell mail.  

-Den siste tida har me sett at mailen som kjem er så godt laga at det er vanskelig å forstå at dette ikkje er ekte. Det kan væra ein mail som ser ut som ei hentemelding frå posten, eller ein link til ei faktura frå Telenor. Ein må væra våken om ein ikkje skal bli lurt.

-Det viktigaste sikringstiltaket både private og bedrifter kan ha er ein god backup. Ein PC og ein server kan formaterast og settjast opp på nytt. Men utan backup av data er det som oftast nyttelaust, fortel Nyborg.

Veit du at backupen din virkar?

Har du backup så kjem du deg ut av klørne til hackarane. Då er det berre å slette viruset og legge inn data på nytt. 

-Sørg for at du har backup av alle viktige data. Kontroller at backup virke. Vær sikker på at du lagrar data på eit område som det blir tatt backup av. Mange installerer backup og trur han virke. Men erfaringa er at backup må sjekkast regelmessig,  det seier senior IT-konsulent Frank Pedersen. 

Pedersen har fylgt utviklinga av virus i ei årrekkje. Før var ofte målet med viruset hærverk og spionasje. No er målet oftast pengeutpressing.

Vossaskyen er trygg

Voss Kommunikasjon driv Vossaskyen, to datasenter som lagrar data og produserer tenester for bedrifter. Her skjer det kontinuerleg vedlikehald for å sikre systema. 

-Me har beskytta oss med brannmurar, antivirusprogramvare og kontinuerleg oppdatering av programma som brukast. Det gjer at Vossaskyen er robust mot angrep. Men me kan aldri seie aldri. For dette er eit kappløp. Og hackarane tjuvstartar bestandig, og av og til kjem dei fyrst. Derfor har me gode rutinar for backup slik at ein kan gjenopprette data om det blir nødvendig, fortel senior IT-konsulent Frank Pedersen hjå Voss Kommunikasjon.

Ein av kundane i Vossaskyen fekk ransomware i fjor, då blei systemet utsett for ein reell test.

-Kunden klikka på ein link i ein mail som førte han til ei infisert side. Viruset spreidde seg raskt, men berre på kunden sitt område, og dataa blei krypterte. Når du klikka på ei fil ble du bedt om å betale for å få ein kode for å låse opp dei krypterte filene. Denne saken løyste me ved å sletta viruset og legge tilbake filene frå backup. Kunden slapp å betale løysepengar og var raskt i drift igjen, fortel Pedersen.

Slik ser det ut når hackarane krev løysepangar

Slik ser det ut når hackarane krev løysepangar.

I mars kom Microsoft med ein programvareoppdatering som stoppa den opninga som hackarane brukte, slik at viruset ikkje blir installert. 

Slik sikrar du deg mot virus

For å unngå virus må PC brukarane bevist-gjerast slik at dei ikkje blir lurte til å klikka på linkar som er farlege. I tillegg må PC, Mac og serverar vedlikehaldas kontinuerleg. 

Ingen kan garantere at du ikkje får virus, difor er det viktigaste:

-Sørg for å ha backup, er oppfordringa frå Nyborg. Da kan ein slette viruset og gjenopprette data som blir skada.

 

Vil du ha meir informasjon om sikkerheit eller backup? Fyll ut skjemaet eller kontakt oss.

Firma:*
Namn:*
Mobil:*
Sikkerheit