Jubileumskonferansen Trygg digital kvardag

Torsdag 15. september feira Voss Kommunikasjon 30 år på storstilt vis, med 170 deltakar på jubileumskonferansen Trygg digital kvardag på Park Hotel Vossevangen. Me er stolte og glade for at så mange fine kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar tok turen!

Deltakarar på jubileumskonferansen Trygg digital kvardag

Me ser framover

Då Voss Kommunikasjon feira 25 år i 2017 fokuserte me på historia vår, og såg tilbake på utviklinga vår som verksemd frå tidleg 90-tal til notid.

Med 30-års-feiringa hadde me lyst til å sjå framover, og fokusere på å hjelpe kundane våre til å ta gode val når det kjem til data og teknologi no og i åra som kjem.

Me valde datatryggleik som tema fordi det er eit viktig og dagsaktuelt tema, som mange kan få stort utbytte av å lære meir om.

I dag er så godt som alle – både privatpersonar og verksemder – "tilkopla" gjennom ulike digitale verktøy. I takt med at me deler meir informasjon om livet og arbeidet vårt over nett og på data, vert oppdatert kunnskap om datatryggleik stadig viktigare.

Mange av leverandørane og samarbeidspartnarane våre er autoritetar på emnet, og me var heldige som fekk fleire av dei til å kome og halde foredrag på konferansen.

Livleg og humørfylt konferansier

Det er ikkje til å komme unna at data- og teknologiprat kan verte litt tørt i lengden. Med Arne Hjeltnes som konferansier fekk me ein livleg og morosam motvekt til det tekniske temaet for konferansen. Med diktopplesning, anekdotar og livlege introduksjonar av foredragshaldarane heldt Hjeltnes humøret på topp hjå publikum.

Framoverlent kompetanseverksemd

Vidar Skeie, leiar i utval for kultur og næring i Voss herad, ynskja velkomen til konferansen med velvalde ord om viktigheita av lokalt næringsliv, kompetanseverksemder og lokalt samarbeid.

Deretter var turen komen til sjefen sjølv, Roger Hovland, dagleg leiar hjå Voss Kommunikasjon. Han var glad for å sjå så mange kundar og samarbeidspartnarar samla i eitt rom, etter fleire år med pandemi og få sosiale tilstelningar.

Det vart vist video og bilete frå den nye nettsida, og Hovland gjekk gjennom kjerneverdiane til Voss Kommunikasjon: Stolt, ærleg, kundenær, framoverlent og kompetent. I arbeidet med konferansen har desse verdiane vore førande.

George Demir, salsdirektør i Mobit-kjeda som Voss Kommunikasjon er tilknytta, ynskte Voss Kommunikasjon hjarteleg til lukka med dagen, og framheva verksemda som ein viktig og langvarig samarbeidspartnar.

Statssekretæren skuffa ikkje

Me var så heldige å få statssekretær Erik Sandsmark Idsøe frå Justis- og beredskapsdepartementet til å halde opningsinnlegget. Han sjølv meinte at folk gjerne vert litt skuffa når han held taler rundt i landet: "Folk vil jo helst ha justisministeren sjølv, og ho har jo vunne Kompani Lauritzen til og med, så eg forstår viss de er litt skuffa!".

Men det var ingen grunn til å vere misfornøgd, Idsøe var både reflektert og underhaldande, og han var særleg oppteken av aukande cybertruslar mot verksemder i Noreg:

Stadig flere virksomheter rammes av cyberangrep. Antall alvorlige hendelser hos Nasjonalt cybersikkerhetssenter er tredoblet de siste årene.
Særlig cyberoperasjonene mot Stortinget i 2020 og 2021 viser alvorlighetsgraden i risikobildet. Målrettet aktivitet fra statlige og kriminelle aktører mot våre kritiske samfunnsfunksjoner, kan i ytterste konsekvens destabilisere samfunnet og undergrave demokratiet.
Dette viser at det er helt avgjørende at alle som driver virksomhet i Norge – enten det er et offentlig organ eller en privat aktør – er årvåken og bevisst på å redusere

Me les stadig om "cyber-angrep", hacking og løysepengar i media, men "sånt skjer aldri med meg og verksemda mi, vel?".

Korleis sikrar Apple brukardata?

Apple er ein verdas aller største data- og mobilprodusentar, og samstundes ein premissleverandør innan personvern og digital tryggleik. Torgeir Bergsvik, Senior Systems Engineer hjå Apple, heldt foredrag om tryggleik og personvern på den digitale arbeidsplassen.

Mange av oss eig eit Apple-produkt eller to, men kor mykje veit me eigentleg om korleis den virkar, og kor sikre me kan vere på at informasjonen vår er trygg?

Bergsvik gav publikum ein god og grundig innføring i dei tekniske løysingane Apple brukar for å trygge brukardata, som kryptering, "on device processing" og dei strenge personvernkrava Apple stiller til appane i AppStore.

Visste du for eksempel at all prosessering knytt til Face ID skjer på eit sikkert element i sjølve telefonen, utan at noko sendast over nett eller til skyen?

Thomas Ludvik Næss_1_800x479.png

Infinigate: Viss du berre skal løfte ein finger...

Me les stadig om "cyber-angrep", hacking og løysepengar i media, men "sånt skjer aldri med meg og verksemda mi, vel?". Thomas Næss, leiar for Infinigate Norge, sitt foredrag handla om korleis du og verksemda di – ved hjelp av litt kunnskap og årvaken framferd – kan redusere risiko for dataangrep betrakteleg.

Næss, som har jobba i IT-bransjen sidan 1998, var ein særleg levande og karismatisk foredragshaldar, med mange morosame kommentarar på lur. Han fortalde med innleving om dei mest utbredte formane for dataangrep, korleis angriparen tenkjer, og kva du kan gjere for å beskytte deg.

Han hadde og gode og enkle tips for grunnleggande datatryggleik, under tittelen "Viss du berre skal løfte ein finger...":

Forutsatt at brannmur og antivirus er på plass, kan du i fyrste omgang konsentrere deg om desse tre stega:
1. Ei backup- og recovery-løysing, sånn at du får verksemda opp og stå igjen om noko går galt.
2. Halde alle systemer oppdaterte, sånn at ikkje sårbarheiter vert utnytta.
3. Multi-faktor-autentisering – så er det ikkje så farleg om passordet ditt kjem på avveie.

PowerPointen frå Thomas Næss sitt foredrag kan du sjå her!

HP: Tryggleik i ein hybrid IT-kvardag

Nicolai Amor – Account Manager Public Sector frå HP – gjekk grundig til verks, og gav publikum ein god innføring i kva som er viktig å tenke på når ein har ansvaret for datatryggleik i ei verksemd. Han introduserte HP si endepunktsløysing "HP Wolf Security", som dekkjer alt frå datatenester, maskin- og programvare.

Sjå presentasjonen frå Nicolai Amor sitt foredrag her

Telenor: Trusselvurdering for SMB-verksemder

Telenor sin rapport Digital sikkerhet 2022 er ein omfattande trusselvurdering, som tek for seg cyberkriminalitet og risikovurdering knytt til datatryggleik i Norge. Jan Petter Torgersrud frå Telenor presenterte funna med fokus på kva SMB-verksemder bør tenkje på når det kjem til trygge dei digitale løysingane sine.

Han peikte mellom anna på at dei kriminelle vert stadig betre, raskare og meir effektive i cyberangrepa sine. I takt med at dei vert betre, burde verksemder verte betre på å trygge seg!

Sjå presentasjonen frå Telenor sitt foredrag her.

Her finn du Telenor sin rapport Digital sikkerhet 2022.

Øverenget: Korleis ta kloke val?

Filosof, foredragshaldar og forfattar Einar Øverenget avslutta konferansen med djupe og underhaldande refleksjoner i foredraget "Med livet på autopilot". Mange av innlegga under konferansen hadde mykje teknisk og konkret informasjon, men Øverenget tok eit steg tilbake og såg på dei meir grunnleggande og omfattande spørsmåla.

Kvifor gjer me det me gjer, og kva kan me eigentleg gjere med det?

Me tek tusenvis av val kvar dag, men er me eigentleg medvitne om kva som får oss til å velje det eine framfor det andre? Øverenget peikte på at me i stor grad er fanga av forventningar, eige perspektiv, felles rutiner og konformitet i det daglege. Han hadde fleire lattervekkande eksempler frå forskning på korleis konformitet kan få bisarre utslag i oppførsel!

Hovudpoenget til Øverenget er at ein må vere medviten på mest mogeleg av det som verker inn på vala me tek. Fyrst då kan ein byrje å ta kloke val, både i privatlivet og i jobbsamanheng.

Tusen takk!

Ein stor takk til alle kundar, tilsette, samarbeidspartnarar og leverandørar som var med å gjere bursdagsfeiringa vår så kjekk! No håpar me at alle deltakarane set denne nye datatryggleikskunnskapen ut i livet.

Vart du litt bekymra for tryggleiken til verksemda di med alle desse cybertruslane som vakar? Ta ein telefon til oss då vel! Med Vossaskyen og dei andre programvare- og skytenestene våre implementerer me oppdatert datatryggleik for alle kundane våre.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.