Eigarskifte i Voss Kommunikasjon

Tom-Erik, Roger, Gøran, Sverre og Frank tar over.

Voss Kommunikasjon har sidan oppstarten i 1992 vore eit familieeigd selskap under Himle/Nyborg. Noverande eigar Else Marie Himle Nyborg har vorte einig med 5 tilsette hjå Voss Kommunikasjon om sal av 100% av aksjane i selskapet.

 

Nye eigarar er Salssjef Tom-Erik Jensen, Dagleg leiar Roger Hovland, IT konsulentar Gøran Fimreite, Sverre Midlang og Frank Pedersen gjennom eit nystarta holdingselskap; Vossk Holding AS.

Det vil ikkje bli endringar i den strukturelle kvardagen til Voss Kommunikasjon og Roger Hovland fortset som dagleg leiar. Me er veldig nøgde med å få denne moglegheita og set pris på at Else Marie gjev oss tilliten med å vidareføra  familieselskapet.

Prosessen starta hausten 2019, og me er nøgde med å koma til ein avtale som er god for begge partar. Me kjem til å vidareføra satsinga som tidlegare eigarar har jobba med. Det inneber å vera ei leiande IT bedrift i vårt nedslagsfelt som er Voss, Hardanger og Sogn. Me fortset drifta i same lokale og skal vere lett tilgjengeleg for både bedriftskundar og privatkundar med butikk på Vangen.

Noverande eigar Else Marie Himle Nyborg seier fylgjande om salet av Voss Kommunikasjon: Å skulle gje frå seg selskapet far min stifta har ikkje berre vore lett, men gitt situasjonen me no står i var dette den beste løysinga for alle. Dei tilsette har dei siste åra overteke ansvaret for drifta og det kjennes såleis naturleg at eigarskapen òg byter hender. Voss Kommunikasjon går inn i eit nytt kapittel med alle forutsetningar for å kunne fortsette å levere gode IT-løysingar for oss på bygda. Eg ynskjer dei lukke til på vegen vidare!

Me gler oss til vidare samarbeid med alle våre kundar! 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×