Frå monstermobil til Vossaskyen

VHF-radioar og svære mobiltelefonar stod for inntektene då Voss Kommunikasjon starta i 1992. 25 år seinare er det lagring i Vossaskyen jubilanten satsar mest på.

Grunnleggar Olav Himle

September, 2017

– Å runda 25 år i denne bransjen, er det ikkje mange verksemder som opplever, seier dagleg leiar Tore Nyborg og held fram:

– Voss Kommunikasjon har overlevd fordi me er i stadig endring. Det starta med kommunikajsonsløysingar innan telefoni og VHF. Og dei fyrste mobiltelefonane som vart selde, var så tunge og store at dei ikkje ver berbare – men i beste fall slepbare.

– Å endra for å bevara og forbetra er heilt sentralt for oss. Moglegheiter kjem, marknaden vert endra. Å tilpassa seg desse endringane er viktig for å ta vare på arbeidsplassane og vidareutvikla selskapet, seier Tore Nyborg.

GRUNNLEGGJAREN

Olav Himle starta Voss Kommunikasjon i 1992. Tidleg på 1990-talet vart Himle kreftsjuk, og han måtte ta ein pause frå yrkeslivet. Men med bakgrunn frå Røde Kors og sitt tidlegare leverandørforhold til landbruket, var det mange som kontakta han i sjukdomsperioden også. Folk trengde hjelp til å skaffa seg ein ny VHF-radio. Himle formidla radioane gjennom VHF Communication. Då kreftene vende tilbake, var eigaren av VHF Communication, Sverre Hagen på banen og fekk Himle til å starta butikk. Ved hjelp av provisjon frå radiosalet som vart formidla i sjukdomsperioden, var eigenkapitalen på plass for å starta Voss Kommunikasjon i leigde lokale i 2. etasje i Vangsgata. Ein teknikar vart tilsett for installasjon og service. No skjedde det stor utvikling, og mobiltelefonar vart allemannseige. Og telemonopolet vart gradvis oppheva. Private verksemder fekk lov til å installera telefonsentralar i konkurranse med Televerket.

– Dette var med på å gje marknadsgrunnlag for Voss Kommunikasjon, fortel Tore Nyborg.

Me såg tidleg at data og mobil kom til å smelta saman.

Tore Nyborg

TUSEN KVADRAT

I 1995 opna verksemda butikk på gateplan – ved sidan av Ringheim Kafe. Samstundes tok Himle selskapet inn i MobilData. Men like etter flyttinga, vart Olav Himle nok ein gong ramma av kreft. Då flytta dottera Else Marie Himle tilbake til Voss for å hjelpa til med drifta. Far og dotter fekk tre dagar saman på jobba før kreftene til Olav tok slutt, og Else Marie måtte ta over drifta åleine. Kjærasten hennar, Tore Nyborg, byrja å pendla frå Narvik til Voss for å hjelpa til.

– Me såg tidleg at data og mobil kom til å smelta saman. Difor tilsette me vår fyrste datateknikar i 1997. Og i 2000 vart ABB si dataavdeling på Voss kjøpt opp, fortel Nyborg. For å kunne utvida verksemda, flytta Voss Kommunikasjon inn i Uttrågata 34 i 2004. Ni år seinare vart Uttrågata 32 og 34 kjøpt frå Voss Sparebank. Lokala er no pussa opp, og Voss Kommunikasjon har 1000 kvadrat til butikk, kontorlokale, showroom og driftssenter for Vossaskyen.

– Bransjen utvikla seg med stormskritt desse åra. Kjedestrukturen var overmoden for endring, og me avslutta i 2005 eit langt og godt samarbeid med MobilData-kjeda, og me melde overgang til Telering. Her vert kjedefordela tekne ut i form av innkjøp og kompetanse, medan marknadsføringa vert gjort lokalt med Voss Kommunikasjon som branding. Dette opnar for lokale tilpassinga, som gjev oss naudsynt fridom til å utviklar ei verksemd tilpassa behov og krav frå lokalmiljøet på Voss, Hardanger og Sogn, seier Nyborg.

20 MILLIONAR

Voss Kommunikasjon har i dag 11 tilsette, og omset for om lag 20 millionar kroner. 90 prosent av omsetjinga kjem frå bedriftsmarknaden, 10 prosent kjem frå privatmarknaden.

Den daglege leiaren har stor tru på framtida. Innan eitt år vil selskapet tilsetja ein eller fleire nye medarbeidarar

– Vossaskyen, der ein kan ha server, back up, synkronisering, videostreaming, skype og epost, er eit produkt i stor vekst, seier Nyborg om investeringa i til «nokre millionar» kroner.

Gjennom ISA AS eig ekteparet Tore Nyborg og Else Marie Himle Nyborg Voss Kommunikasjon.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.