Har du framleis Windows 7?

Snart er det slutt!

Den 14. januar 2020 er det slutt for Windows 7. Microsoft vil frå den datoen ikkje lenger tilby oppdateringar, noko som betyr at PC ‘en din enklare kan verta utsett for angrep og virus. Det er difor viktig at du oppdaterar til eit moderne operativsystem, til dømes Windows 10. Då kan du vera sikker på at du får alle dei nyaste oppdateringane, slik at dataa dine vert trygt lagra.

 

 

  

Kva anbefalar me?

Me anbefalar at alle som har Windows 7, går over til ein ny PC med Windows 10. Det er mange ulike  variantar å velja mellom, og me kan hjelpa deg å finna ein som passar ditt bruk. PC-ane i dag er billegare enn dei var for ein del år tilbake, samstundes som dei er raskare, kraftigare og sikrare.

Du lurer kanskje på om maskina di kan oppgraderast til Windows 10? Nokre maskiner kan det, men dersom du ynskjer å dra nytte av dei nyaste maskinvarefunksjonane,  er det ikkje å anbefala. PC ‘en du har, er kanskje ikkje kompatibel med oppgradering frå Windows 7 til Windows 10, eller du kan oppleva redusert tilgang til funksjonar.  

Kan du framleis bruka Windows 7?

Sjølve PC ‘en vil framleis fungera som han har gjort, men han er meir utsett for virus og annan risiko sidan det ikkje vert sendt ut fleire programvareoppdateringar.

Har bedrifta di lokal server?

Dersom bedrifta di har lokal server med Server 2008R2 eller eldre, so går support og oppdateringar til den ut 14. januar 2020. Dette er då eit godt høve til å tinga ein gratis sikkerheitssjekk hjå oss. Ta kontakt, so avtalar me tidspunkt.

Sjå utvalet vårt her:

Laptop: https://vossk.no/meny/pc/nettbrett/baerbar-pc

Stasjonær: https://vossk.no/meny/pc/nettbrett/stasjonaer-pc

Finn du ikkje det du leitar etter, kan du ta kontakt med oss:

post@vossk.no eller 56523000

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×