TSP – Telenor Service Partner

Voss Kommunikasjon er Telenor-forhandlar og hjelper mange verksemder med telefoniløysing. Her kan du sjå korleis du kan legge oss til som TSP-forhandlar i "Min bedrift".

Telenor Service Partner.

For at me skal kunne hjelpe deg som kunde med alle endringar, så er det viktig at me har ein TSP-avtale. Dette er ein avtale som blir registrert hos Telenor med oss som dykkar leverandør. Avtalen er heilt utan kostnadar, og det vil gjere det enklare for oss å hjelpe dykk. Blant anna ved endring av abonnement, legge inn talemeldingar osv. utan at me treng ein signatur.

Kunderegistrere avtale for fyrste gong

Gå inn på nettsida https://www.telenor.no/bedrift/min-bedrift/

Gå inn på "Min bedrift" og trykk på "Avtaler".

Trykk på "Legg til avtale".

Velg kva firma avtala gjeld for.

Velg avtaletype "Telenor Service Partner agreement".

Trykk "Legg til forhandler".

Velg "Voss Kommunikasjon AS" som forhandlar.

Huk av "Jeg godkjenner betingelser og vilkår".

Sjå "Vilkår og betingelser" og trykk på X i høgre hjørne på pop up-vindauget.

Trykk "Opprette avtale".

Trykk "Ok", og du er i mål!

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.