Telering blir Mobit

Voss kommunikasjon har i ei årrekke vore medlem av Telering. No skiftar Telering namn, til Mobit.

Mobit-logo

Samanslåing

Mobit er ei uavhengig landsdekkande kjede som er eit resultat av ei sammenslåing av Telering og fleire IT- og mobilkjeder. Mobit består av nærare 130 forhandlarar, og er såleis den største forhandlarkjeda innan mobil og IT til bedriftsmarknaden. Samla omsetning i 2017 var 2 milliardar

Marknadssjef hjå Voss Kommunikasjon, Roger Hovland seier han er veldig fornøgd med skiftet. - Dette viser at kjeda tek oss IT-forhandlarar på alvor og ser at det er her framtida ligg.

I kjeda har Voss Kommunikasjon vore langt framme på IT, og etterlyst at kjeda skulle ta grep for å utvikla seg innan IT. - No får me mykje støtte i kjeda til vidare utvikling av vårt datasenter, Vossaskyen.

Telenor har sine fordeler, medan Telia har sine. Når me kan tilby våre kundar begge deler, så finn me den løysinga som er best for den einskilde.

Roger Hovland, dagleg leiar Voss Kommunikasjon

Framtida ligg i skyen

- Me ser ei kraftig auke i firma som tek kontakt med oss angåande skytenester. Kvar veke har me firma som kontaktar oss, seier Hovland. Det er sikkerheit som er hovudårsaka trur han. - Kundane våre ynskjer ikkje å drifta sine eigne datatenester, derfor er me IT-avdelinga til om lag 60 bedrifter i Vossaområdet. Og ser for oss ei dobling av dette innan nokre år. Vossaskyen er utan tvil vårt viktigaste produkt, og det er her auken vil koma. Fordelen med å velga oss er at me set oss ned rundt bordet og diskuterer kva løysing som passar den enkelte. Me veit kven kunden er og dei kjenner oss, då vert samarbeidet veldig bra.

Mobit

Tidlegare var kjeda store innan telefoni. Som einaste leverandør kunne forhandlarane ha med seg både Telenor og Telia ut til sine bedriftskundar. Det kan dei fortsatt. - Dette er viktig for oss, seier Hovland. - Telenor har sine fordeler, medan Telia har sine. Når me kan tilby våre kundar begge deler, så finn me den løysinga som er best for den einskilde. (Her kan de lesa om vår test av telia og telenor)

Telefoni er fortsatt viktig for Voss Kommunikasjon. På samme måte som løysingar innan IT, så er mobile løysingar viktige. Alle har i dag ein mobiltelefon, og mange firma betalar både telefon og abonnement til sine tilsette. Då er det viktig å ha kostnadskontroll på både utstyr og abonnement. Gjennom Mobit kan Voss Kommunikasjon tilby gode finansieringsløysingar innan telefon.

Marginar

- Me er i lavmargin-bransjen, sjølv om det kan vera snakk om dyrt utstyr, så blir det ikkje mykje som blir igjen etter at varene er betalt, seier Hovland.

- Med å bli så store som Mobit er no, så gir dette oss konkurransedyktige prisar ut i marknaden. Her er prisane pressa. Me tok eit val i fjor om at me skulle få fart på nettbutikken vår, dette innebar ei prisjustering på varene, noko som kjem kundane tilgode. No kan Vossingane sitta heime på kveldstid, bestilla varer i vår nettbutikk og henta dei i butikken dagen etter. Til gode prisar! Ein vinn-vinn situasjon.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.