Avisa Hordaland og Voss Kommunikasjon startar Mediesmio

Mediesmio skal verta landets beste mediebyrå for kundar på bygda.

Roger Hovland og Terje Olsen

Mediesmio er namnet på det nye selskapet til lokalavisa Hordaland og Voss Kommunikasjon. Saman skal dei hjelpa verksemder i distriktet med nyskapande marknadsføring, strategisk rådgjeving og digital kommunikasjon.

Avisa Hordaland og Voss kommunikasjon eig 50 prosent kvar av selskapet.

Vil vera nære kunden

– Me startar Mediesmio fordi me meiner at lokale verksemder har stor nytte av lokale leverandørar. At me kjenner kundane til kundane våre, og forstår behova deira, er ein stor føremon samanlikna med byrå frå dei større byane, seier Roger Hovland, dagleg leiar i Voss kommunikasjon.

– Det at me i dei to selskapa no kan tilby eit mykje større spekter av tenester, håper me at verksemdene i regionen set pris på, seier Terje Olsen, dagleg leiar i eigarselskapet LL Hordaland.

Terje vert dagleg leiar i det nye selskapet, medan Roger vert styreleiar.

Små kundar, store løft

Mediesmio skal tilby marknadsføring som passar kunden. Erfaringa er at mange små og mellomstore verksemder i distriktet treng eit løft, men ikkje heilt veit korleis dei skal gå fram for å treffa nye målgrupper.

Mange har kanskje ikkje rørt merkevara si på fleire tiår. Nokre har behov for strategisk rådgjeving og ny marknadsplan. Andre treng ei større pakke med ny nettside eller visuell profil, eller rett og slett annonsering digitalt via Facebook og Google.

Mediesmio skal no rekruttera tre nøkkelpersonar i bedrifta for å setja fart: webutviklar, digital rådgjevar og strategisk marknadsrådgjevar.

– Håpet er at me tel 10 personar i løpet av nokre år, seier Terje.

Det at me i dei to selskapa no kan tilby eit mykje større spekter av tenester, håper me at verksemdene i regionen set pris på.

Terje Olsen, dagleg leiar i eigarselskapet LL Hordaland

Sterk lokal etterspurnad

Voss kommunikasjon har omtrent vorte nedringt av kundar med behov for hjelp til alt frå nye nettsider og marknadsføring, til strategisk rådgjeving og annonsering.

Kommunikasjonsselskapet har ytt mange tenester til kundane sine allereie, og ynskte å satsa vidare på bygging av nettsider og rådgjeving. Men annonseringsbiten var vanskelegare. Med Hordaland med på laget får kundane av Mediesmio unik tilgang til lokal annonsering både digitalt og i papiravisa. Med eit opplag på over 8000 er avisa den største lokalavisa i gamle Hordaland fylke.

Guro Valland, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Hordaland Bladdrift, ser fram til samarbeidet med Mediesmio.

– Det vert givande å leggja til rette for at endå fleire kundar kan annonsera hjå oss og dra vekselverknad av tenestane på tvers. Samstundes vert det spennande å kjøpa tenester av Mediesmio til eige bruk. Hordaland vil òg ha behov for nyskapande marknadsføring for å styrka produktet, seier Guro.

Attraktivt for nynorskkommunar

Mediesmio har ambisjon om å verta landets beste mediebyrå på nynorsk, men kunden avgjer sjølv målforma.

Kundane skal Mediesmio finna i og rundt Voss, men òg i nabofylka kringom. Det lokale tilsnittet gjer satsinga heilt unik, og ikkje minst, med eit stort potensial for vekst.

– Me trur at satsinga om å levera kvalitet på nynorsk, gjer at me òg vil få kundar i andre nynorskkommunar, seier Roger.

I starten skal Mediesmio bruka underleverandørar til ein del av tenestane sine.

– Etter kvart som oppdragsmengda aukar, vil me tilsetja folk i staden for å kjøpa tenester, seier Terje.

Mediesmio er

  • ein leverandør av komplette tenester innan marknadsføring, gjerne på nynorsk.
  • smidd ut på Voss og eigd med like delar av avisa Hordaland og Voss Kommunikasjon
  • i støypeskeia for å byggja ei dugleg kompetanseverksemd innan marknadsføring, i ein digital kvardag, på Voss

Mediesmio kan

  • hjelpa deg i planlegginga av marknadsføringa di med analysar og strategisk rådgjeving
  • hjelpa deg med all digital kommunikasjon med marknad og kundar
  • hjelpa deg med all den praktiske oppfølginga knytta til marknadsføringa, gjerne hjå deg

Fyrst publisert 30.06.2021

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.