MyKronoz ZeTime

Superkul og rimeleg klokke frå MyKronoz

 

Perfekt kombinasjon av ei analog klokke med eigenskapane til ei digital smart klokke.

Denne klokka passar både tenåringar og «ungdommelege» vaksne. Du må i alle fall vera så vaksen at du har din eigen mobil og kan lasta ned appen ZeTime. Klokka er sjølv testa av underteikna på 39 år, og den kan absolutt anbefalast. (kjøpte den til son min som ikkje hadde klokke, men eg skulle heldigvis få lov å låne den😉)

 

Når du har lasta ned appen og kopla til klokka via bluetooth er den klar til bruk. No kan du legge inn dine personlege data som vekt, høgde, alder, kjønn og aktivitetsmål. Du bestemmer sjølv aktivitetsnivået med kor mange steg og km du ønsker å oppnå for dagen. Så er det til dei yngre ikkje sett for høge mål, men det er artig å sjå kor mange steg ein har tatt på ein dag. Det som er aller kjekkast er moglegheita til å endre utsjånaden på klokka. Her kan du velje mellom mange forskjellige motiv, alt etter kva humøret tilseier den dagen. Dette gjer du enkelt i appen.

klokke på arm.JPG

Får du mail, melding, snap, anrop så viser det på klokka kven det er frå.

Du kan legge til Spotify kontoen din og byte songar på sjølve klokka, og justere volum ved å vri på «brytaren». Du har også stoppeklokke, kan måle søvn og puls, sjekke været og temperatur, så er her det mykje spennande.

 

Berre 599,- for denne go’beten.

https://vossk.no/telefoni-ny/mobil/mobil-tilbehor/mykronoz-zetime

Håper du liker den like godt som eg!

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×