Hardanger Økonomiservice flyttar inn i Vossaskyen

– Me har levert skytenester sidan 2006. Det gjer at me har effektiv arbeidsdeling med våre kundar. 

No tek me sky-løysinga til eit nytt nivå og flyttar inn i Vossaskyen. Det seier Ragnar Sæbø, dagleg leiar og eigar av Hardanger Økonomiservice AS.

Aina Irene Ynnesdal Anita Fredheim Limstrand Ragnar Sæbø.jpg

  Aina Irene Ynnesdal, Anita Fredheim Limstrand og Ragnar Sæbø i Hardanger Økonomiservice.

– Hardanger Økonomiservice er den perfekte partnaren for Voss Kommunikasjon. Gjennom Vossaskyen får me ein felles plattform. At kunden, rekneskapsførar og IT-leverandør jobbar saman, skapar flyt og effektivitet, seier Tore Nyborg, dagleg leiar i Voss Kommunikasjon.

– Hardanger er eit naturleg nedslagsfelt for oss. Det er ei stor styrke for oss å få Hardanger Økonomiservice som partnar, seier Nyborg.

Sidan 2003 har Hardanger Økonomiservice bygd seg opp til eit av dei største rekneskapsbyråa i Hardanger, med kontor i Eidfjord, Kinsarvik og Granvin.

– Vår viktigaste ressurs er ni høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidar, seier Ragnar Sæbø, dagleg leiar og eigar av Hardanger Økonomiservice AS.

– Me er fem autoriserte rekneskapsførarar. Tre er også registrert revisor. Hardanger Økonomiservice AS leverer dei fleste tenestene innan økonomifaget som små og mellomstore bedrifter treng. Me nyttar i hovudsak programvare frå Uni Micro som har vunne fleire prisar med sitt brukarvenlege design. Papirlaust rekneskap er i dag den nye standarden. Nøkkelen til dette er sending og mottak av fakturaer på EHF og e-post og dagleg elektronisk overføring av betalingsinformasjon til og frå banken både for inn og utbetalingar.

– Rekneskapen vert dermed «live» informasjon og eit mykje betre grunnlag for vedtak, fortel Sæbø.

Med moderne rekneskapsprogram kan kundane gjera ein stor del av rekneskapsarbeidet sjølv. Det skapar eit effektivt system.

– Med det nye programmet til UniMicro; Uni Economy, som er fullstendig webbasert, vert arbeidsdeling og innsyn i rekneskapen enklare enn nokon gong.

– I framtida vil fleire og fleire transaksjonar verta bokført automatisk, og vår rolle som rekneskapsførar vil gradvis endra seg. Kundane vil då både få rekneskapsførar og økonomisjef hos rekneskapskontora, så me går ei spanande framtid i møte, avsluttar Ragnar Sæbø.

  Tore Nyborg

Tore Nyborg i Voss Kommunikasjon ser på samarbeidet med Hardanger Økonomiservice som ein stor ressurs.

Kontaktinfo: 91375005, tore@vossk.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×