iPhone X, Galaxy S9 eller P20 Pro?

Kva er den beste mobilen på marknaden i dag? Her skal me prøva å gjera deg litt klokare på kva som skillar dei ulike modellane.

Det vil me aldri få eit samstemt svar på. Apple, Samsung og Huawei sine toppmodellar er alle i toppklasse.  

I dag er mobilane blitt likare og likare kvarandre. Både design og det på innsida er veldig likt. iPhone X, Galaxy S9 og P20 Pro er alle vasstette. Dei har ein stor rammelaus skjerm på rundt 6", eit kamera som dei hevdar er revolusjonerande, ytelsestestane viser rekord på rekord, og hovudtelefonutgangen er vekke.

 

iPhone X

iPhone er iPhone! Dei leverer i toppklasse kvar gong dei slepp ein ny toppmodell. Med iPhone X har dei laga ein mobil som skil seg frå dei føregåande. Dei var fyrst ute av dei store produsentane med kantlaus skjerm. Det gir ein mobil med stor skjerm, men som fortsatt kan plaserast i lomma. Den heildekkande skjermen gjer at det ikkje er plass til ein heimknapp med fingeravtrykkslesar. Dermed måtte Apple finna på noko nytt, eller med andre ord relansera ein eldre teknologi, ansiktsgjenkjenning. Face-ID er riktignok ei stor forbetring frå tidlegare forsøk på ansiktsgjenkjenning frå andre produsentar. Den fungerer utmerka i alle slags lysforhold, og skal kunne kjenne deg igjen både med og uten briller, hatter og skjerf. Med iPhone X får du ei skikkeleg kraftpakke, som taklar alle oppgåver du sett den til på ein god måte. Kamera er det beste Apple har laga og kjem med nye funksjonar som f.eks. Animoji. 

For pris og meir info trykk her!

Samsung Galaxy S9

51092EPD P20PRO_Black_front_unlock_with UI_1.png

Under lanseringa av Samsung Galaxy S9 var det ein ting som blei lagt meir vekt på enn noko anna: kameraet! Det skulle revolusjonere mobilkameraet. Og med sine Augmented Reality (AR) funksjonar sto dei for ei utvikling av utvida verkelegheit, men ein revolusjon var det nok ikkje. Elles tar kameraet betre bilete i mørke enn S8 gjorde og er generelt ein veldig god kameramobil. Designmessig er den veldig lik sin føregåande modell, men fingeravtrykklesaren er flytta under kameraet på baksida, i staden for ved sida av, slik den var plassert på S8. Galaxy S9 er som forventa rask og god i bruk.

 

For pris og meir info trykk her!

Huawei P20 Pro

Så til jokeren blant dei tre. Huawei P20 Pro har forbløffa mange mobiltestarar sidan den vart lansert. Den har fått 6'ar på terningen av Dinside, 10/10 frå tek.no og blir anbefalt av iTavisen. Det som går igjen i alle testane er det unike kameraet som overgår alle tidlegare mobilkamera. Med tre linser frå Leica har Huawei skapt eit kamera som tar ekstremt gode bilete under alle lysforhold. Den eine linsa kan ta bilete på 40 megapixlar, som gir veldig høgoppløyste bilete. Ein mobil er meir enn eit kamera, dermed må resten av mobilen òg levere for å kunne få toppkarakter. Huawei har brukt ein del av den same innmaten som vart brukt i suksessen Mate 10 Pro. Det gjer at den er rask i bruk og oppleves som ein toppmodell. I testar leverer den ikkje dei same ekstreme resultata som iPhone X, men den leverer fortsatt veldig gode resultat, slik ein toppmodell skal gjere.

For pris og meir info trykk her!

Kva skal du velje?

Som du sikkert har skjønt er dette tre veldig gode mobilar, og truleg dei beste på marknaden i dag. Kven som er den beste vil det aldri bli ein fasit på, men uansett kven du veljer av desse tre vil du ikkje bli skuffa. For iPhone brukarar er valet ganske opplagt med tanke på kva den beste mobilen er, men kanskje kan du klarar deg med ein iPhone 8 eller kanskje til og med ein 7ar? Der får du veldig gode mobilar til ein mykje hyggelegare pris. iPhone X er kanskje òg modellen som gjer at du som er vant med android tar steget over i Apple-verdenen. Av dei to android mobilane er det eit val som skil seg ut som trygt og eit som kanskje er litt meir spenstig. Samsung S9 er ein veldig god mobil, men ikkje veldig nyskapande i forhold til Samsung S8, som hadde veldig lik utsjånad og mange av dei same funksjonane. Huawei P20 Pro bringer derimot med seg noko nytt. Innmaten er henta frå Mate 10 Pro og er dermed ikkje det mest spenstige, men kamera leverer ein liten revolusjon og er grunn nok til å kjøpe P20 Pro. 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×