«34 tommar bør være stort nok»

Størrelsen betyr noko, men er ein 34 tommars skjerm stor nok til å erstatte mine to 26 tommars skjermar?

«34 tommar bør være stort nok». Det var min første tanke når eg las produktpresentasjonen av Fujitsus nye gigantiske PC’skjerm. Frå før hadde eg to 26 tommars skjermar. 34 tommaren var dyr, men lysten overstyrte fornufta og eg bestilte.

Det fyrste eg gjorde når eg fekk nyskjermen var at eg fjerna dei to gamle. Eg lærte meg hurtigtastane «Windows + pil til høgre, venstre, opp og ned». Eg prøvde å dele skjermen i 4 delar for å kunne ha fleire program tilgjengeleg samtidig. Det gjekk, men det blei ikkje bra nok. Derfor kom den eine 26 tommaren raskt tilbake på pulten, og der har begge blitt. Ein 34 tommar og ein 26 tommar, side ved side.

Det fungera. No mens eg sit å skriv på denne artikkelen har eg support-vakt for Vossaskyen. Det er få som treng hjelp, men når telefonen ringjer må eg være klar. Difor har eg kundesystemet og mailen open på den eine skjermen. På den andre har eg Word og Google Chrome. Då får eg jobba mens eg er i beredskap.

Lurt kjøp?

Draumen om å få berre ein skjerm på kontorpulten var ikkje realistisk for meg. Hadde eg forstått det ville eg ikkje bestilt 34 tommaren. Prisen på knappe 8000 kan ikkje forsvarast. Eg ville heller valt ein 32 tommars, aller helst to, slik at eg kunne ha satt to like skjermar ved sia av kvarandre. Det ville vore estetisk og praktisk, og nokre tusenlappar rimelegare.

Men om du klarar deg med ein skjerm er Fujitsu sin kurva 34 tommar (B34-9) eit godt val. Den er svær, lyset er behageleg og den er lekker. Sjå pris og les dei tekniske dataa her!

Om du heller vil vurdere ein anna storleik kan du sjekke desse.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×